Hopp til hovedinnhold

Javisst er det godt å vere i Smørhamn
Ta med heile familien, vener eller kollegaer.
Vi har plass til frå 16 – 25 pers. fordelt i 5 leilegheiter. Her har de tid og mulegheit for å ta del i dei gode opplevingane.
Du kan hente fersk fisk, rett i gryta, frå båt eller brygge, eller vere med å fiske krabbe til festmåltidet.

Ta turen på fjellet like i nærleiken, eller besøke sauer i skjergarden. Kan du dykke er det fine forhold til det. Båtar med påhengs(15 fot m/9,9 hk – 15 hk) kan leigast. Robåt er og muleg å prøve.

Skal du feire noko, har vi og lokaler til små og store grupper (20 – 80 pers.) Du kan ta med festmat sjølv, eller bestille utanfrå.
Smørhamn ligg 5 min. i bil frå Kalvåg, med butikk, restaurant og mange andre gode tilbod.

Leilegheitene
Vi tilbyr 5 godt utstyrte bueiningar med plass til 2-6 personar. Alle leilegheitene har kjøkkenkrok m/kjøleskap/frys, oppvaskmaskin og komfyr.
Kvar leilegheit har eige bad m/dusj og dobbel sovesofa i alle stovene.
God lydisolering mellom bueiningane.

Aktiv ferie i fredelege rammer
Godt merka turløyper i nærområdet, du vel den utfordringa som passar deg: Dåsabu, Veten, Smalerabben, Hornelen, Vetvika og mange andre merka turar. Ein fin sommardag vil vi anbefale deg å ta ein tur på Grotlesanden som kun ligg ca 20 min unna med bil. Er veret mindre innbydande kan Kalvåg by på Carolas buaspa – med innandørs sandstrand. Eller du kan ta ein tur til Hjortegarden i Ålfoten. Vi tek og gjerne gjester med på ei omvisning for å fortelje historia om Smørhamn Handelsstad. I den største sjøbuda har vi og ei utstilling.

Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • Smørhamnsvegen 1114
    • 6729
    • Kalvåg
    Telefon:
    E-post:
    smorhamn@gmail.com
    Nettside:
    www.smorhamn.no

    Hvor er Smørhamn Handelsstad?