Velkomen til Stavang Rorbuer. Her kan du leige rorbuer i eitt koselig sjøhusmiljø. Stavang ligg omkransa av vakre øygrupper, med gode solforhald og med ein fantastisk sjøutsikt, mellom massive fjell og vakre øyar, sør for den sjarmerande kystbyen Florø. Her er det bilveg heilt frem og nært Førde og Florø med bare 45 minutts køyretur begge vegar.
Stavang Rorbuer er eit ferieidyll som har ideelle forhald for å kombinere ein vellykka fiskeferie med spanande turar. Her er det badestrender og gode forhald for kajakk og SUP brett. Du finn fleire gode turmoglegheiter både til fjellturar, med spektakulære utsiktar langt til havs. Det er og mange koselige lokalvegar og stiar i nærmiljøet. Stavang er perfekt for sykkelturar. Rett i nærheita finn du helleristningsfeltet Ausevika - eitt av dei største helleristningsfelta i Norge, godt tilrettelagt med turstiar og informasjon.
I Stavang finn du lokalbutikk med godt utval. Her er og bensin og dieselpumper.
Stavang Rorbuer tilbyr utleige av ein 19 fots 50 HK skjærgårdsjeep. Om du ønskjer å bli med på guida båttur kan du bli med på turar med MS Nytraal - ein 48 fots fiskebåt med alle fasilitetar. Her er eit langbord med plass til 12 personar på dekk slik at man kan nyte medbrakt eller catering. Her kan man reise på havfiske eller ta ein chartertur i nærområdet, også Svanøy - Bulandet - Kalvåg er innan rekkevidde.