Bestill

Trolltunga Hotel i Odda, Hardanger, er eit sjelfullt naturhotell med fokus på miljøet. Det vakre villabygget som ligg vakkert til mellom fjorden og Sandvinvatnet, har vore gjennom fleire oppgraderingar sidan oppføringa i 1928. I 2017 vart hotellet nøye renovert, og det siste året har dei bygd ein mykje større restaurant og utvida med fleire rom – alle med flott utsikt til stupbratte fjell, fossar og brevatn. I det nye bygget kan du velja mellom PLUS- og standard-rom, samt rimelege alternativ som rom med delt bad eller sovesal.

Hotellet jobbar tett med aktivitetsselskapet Trolltunga Active, og målet er å gje dei eventyrsøkande gjestane ein avslappande atmosfære for å lada batteria før dei skal utforska naturen i regionen.

I underetasjen, med eit nytt påbygg i glas, finn du Trolltunga Restaurant. Her tilbyr dei à la carte-meny i moderne lokalar med industriell og skandinavisk stil. Fokuset er å gje gjestane ei fin smaksoppleving med mat og drikke baserte på lokale råvarer, kreativitet og kvalitet. Velkomen til Trolltunga Hotel!

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Vasstun 1
  • 5750 Odda
Telefon:
40 00 44 86
E-post:
mail@trolltungahotel.no
Nettside:
www.trolltungahotel.no

Fasiliteter

Konferansefasiliteter:
Parkering:
Restaurant:

Hvor er Trolltunga Hotel?