Vågen Rom & Hytteutleige ligg i bygda Vikøy, 3,5 km. frå Norheimsund sentrum. Dei leiger ut 1 leilegheit, 2 feriehus, 1 hytte og har til saman 35 sengeplassar. Hytta er ny i 2015, og det eine feriehuset var nytt i 2012 - begge med høg standard. Alle einingane er fullt utstyrte og har eigen inngang. Vågen Rom & Hytteutleige ligg på eit lite småbruk der det vert dyrka litt økologisk frukt og juletre.
Flott sykkelsti til Norheimsund, Hardanger Fartøyvernsenter og Steinsdalsfossen. Det er gangavstand til Hardangerfjorden med bade- og fiskeplass. Like ved finn du ny leikeplass og rulleskøytebane. Gode mogelegheiter for småturar i nærmiljøet og toppturar i fjellet. Også godt utgangspunkt for bilturar til Bergen og Folgefonna, samt bilturar langs og båtturar på Hardangerfjorden. Ope heile året.
Hytter og feriehus
Vågen Rom og Hytteutleige
Norheimsund
Kilde: Visit Hardangerfjord
Kontakt
- Adresse:
- Vikøyvegen 299
- 5600 Norheimsund
- Telefon:
- 90 93 40 06
- E-post:
- k-vaage@online.no
- Nettside:
- www.vaagenhytte.no
Fasiliteter
- Sesong:
- Høst
- Sommer
- Vinter
- Vår