Garden tek i mot gjester for overnatting. Betjent i sommarsesongen frå juni-september.
Vetti Gard Turiststasjon har vore ein viktig stad for fjellfolk i lange tider. Klatrepionerane på 1800-talet fann vegen inn i Jotunheimen herifrå og Edward Grieg sa han vart 10 år yngre kvar gong han vitja staden.
I dag er det Klingenberg hotel som har driftsavtale i Vetti, og garden har no kapasitet på 30 sengeplassar i gardshusa og madrasser i låven. Vetti Gard
Turiststasjon er betjent i sommarsesongen. Eit fantastisk utgangspunkt for turar innover i Utladalen og Jotunheimen.