Hopp til hovedinnhold

Vandrarheimen har ein unik plassering like ved Vangsvatnet og er det ideelle bualternativ når ein vil oppleva Voss og den vakre naturen her – både sommar og vinter.

<a href="http://vosshostel.com">Klikk her for å bestilla rom!</a>

Voss Vandrarheim har totalt 40 rom (180 sengar), alle med eige toalett og dusj. Dei fleste romma har køyesenger, medan romma i kategorien "lake view private room" har dobbeltsenger. Det er ikkje TV på romma, men eitt TV-rom og eit gjestekjøkken i fellesområdet.

På vinteren kan du slappa av foran peisen, eller kosa deg i badstova etter ein lang dag på ski. På sommaren er det kanskje den flotte balkongen med utsikt mot Vangsvatnet og Gråsida som freistar mest. Voss Vandrarheim har også sjenkeløyve og serverer lokal øl og sider.

Voss Vandrarheim har nokre få rom tillatt hund, for 150 kr per døgn, ynskjer du å bestille dette eller «lake view private room», ta direkte kontakt med med Voss Vandarheim på booking@vosshostels.no.

Barn frå 0-3 år bur gratis, send mail til booking@vosshostels.no etter du har bestilt om du har med barn frå 0-3 år og om du treng barneseng. I bestillinga legg du kun inn antall vaksne.

Andre fasilitetar:
- Bordtennis
- Biljardbord
- Gratis Wi-Fi
- Parkering utandørs (gratis)
- Fellesareal tilpassa rullestolbrukera
- Vaskemaskin mot kostnad
- Bibliotek/bokbyttestasjon
- Bagasjerom, tilgjengeleg i resepsjonens opningstid
- Utleige av kano og SUP
- Utandørs, vedfyrt badstove (eigen bestilling)

Opningstider heile året:
Resepsjon høgsesong: 7-12 og 17-23

For kontakt med Voss Vandrarheim:
Peter Bondesveg 40, 5704 Voss
Tlf: + 47 56512017 + 47 9759 3888

Innsjekk frå klokka 15.00
Utsjekk: Innan klokka 11.00

Kilde: Visit Voss

    Kontakt

    Adresse:
    • Peter Bondes veg 40
    • 5704
    • Voss
    Telefon:
    E-post:
    booking@vosshostel.com
    Nettside:
    vosshostel.com/

    Fasiliteter

    Restaurant:

    Hvor er Voss Vandrarheim?