Hopp til hovedinnhold
Bestill

Staden, som har gått i arv frå generasjon til generasjon, er eit sjarmerande familiehotell og ein attraksjon i seg sjølv. Hotellet har vore i familien Nitter Walaker si eige sidan 1690, og er dermed det eldste familiedrevne hotellet i Noreg, med over 380 års historie, tilbake til 1640. Gjesterom Walaker Hotell har 22 framifrå gjesterom i 3 ulike hus. Vårast historiske rom ligg i dei gamle husa; Tingstova og Hovudhuset. Våre Superiorrom ligg i vårt nybygg der dei aller fleste har framifrå utsikt til både hage og fjord. Den stemningsfulle hagen utgjer ein viktig del av miljøet på Walaker Hotell. Oppover veggene klatrar svartgallebær og i hagen står syriner og frukttrær i full blomst om våren, medan det er mykje fin frukt på trea om hausten. Omkransa av mektige fjell og med utsikt til den sagnomsuste Sognefjorden er det her du skal finna roen! Me set pris på at gjestene har det godt og at dei trivst i kvarandre sitt selskap. Ei god råme rundt dette er den fastsatte 4-rettars middagen om kvelden. Her er standarden satt høgt både på mat som har fokus på lokale råvarer frå indre Sogn samt nydlege vinar frå det store utland. Merk at det i høgsesong (juni-august) kan væra lurt å førehandsbooke middag då det vil bli full restaurant. Etter middagen, ca. kl. 22, så opnar vertskapet det framifrå kunstgalleriet samt eventyrlege forteljingar frå indre Sogn og Walaker hotell sin historie. Urnes stavkyrkje som står på UNESCO si verdsarvliste liggjer rett over fjorden frå Solvorn og Walaker hotell. Turen over fjorden tek ca. 15 min. og føregår med ei flott lita ferje som går kvar halve time i sommarsesongen. I Solvorn er det ein flott kafé som er open frå juni og fram til august, medan dei serverar framifrå smårettar. Det er også ein flott kultursti i Solvorn, som tek ca. 2 timar å gå. Her vil ein finna mykje god informasjon og forteljingar om Solvorn si historie.

Hjartleg velkomne skal de vera til Walaker Hotell og Solvorn.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Solvornvegen 324
  • 6879 Solvorn
Telefon:
57 68 20 80
E-post:
hotel@walaker.com
Nettside:
www.walaker.com

Fasiliteter

Konferansefasiliteter:
Restaurant:
Frokost:
Parkering:
WIFI/Internett:
Ladepunkt for elbil:
Utsiktspunkt:
Sesong:
  • Sommer
  • Vår
  • Høst

Hvor er Walaker Hotell?