Alnes er eit idyllisk lite fiskevær med rundt 200 innbyggarar, ytterst i havgapet utanfor Ålesund. Her ligg Alnes Rorbuferie – to godt utstyrte rorbuer ved sjøkanten, med storhavet som næraste nabo. Dette er staden du kan finne roen, eller vere aktiv frå fjøre til fjelltopp.
Med naturen rett utanfor døra og korte avstandar til både hav, fiskeplassar og fjell, ligg alt til rette for ei variert ferieoppleving – eller ei stille stund langt frå kvardagen.
Godt utstyrte rorbuer med rom for kvile og kvardag
Rorbuene ligg idyllisk til ved sjøen, med eigen flytebrygge og utsikt mot havet. Dei har plass til seks personar fordelt på to soverom, og stova har panoramautsikt, salong, spisebord og TV. Kjøkkenet er fullt utstyrt, og badet har dusj og toalett. I underetasjen er det vaskerom, naustrom og grovkjøkken med fryser og plass for sløying av fisk.
Inkludert i opphaldet:
- Robåt, krabbeteiner og enkelt fiskeutstyr
- Terrasse med utemøblar og parkeringsplass ved kvar rorbu
- Kort veg til gode fiskeplassar
- Sjølvstendig fryse- og renseplass for fisk
- Butikk og post i nærleiken (ca. 4 km)
Motor til robåt kan leigast. Sengetrekk og handkle må takast med eller kan leigast ved behov.
Opplevingar på Alnes - frå fjøre til fjell
Alnes og området rundt byr på naturopplevingar for både store og små. Her kan du fiske frå båt eller land, leike ved fjøra eller utforske bryggene. I fjellet finn du fiskevatn med ørret og stiar med storslått utsikt mot havet og inn mot Ålesund.
Den unike kystnaturen inviterer til rolege turar i fjøresteinane, luftige toppturar og opplevingar både over og under vassflata. Alnes er også kjent for sine gode forhold for surfing og har fleire dykkemål for den eventyrlystne.