Hopp til hovedinnhold
Bestill

Ved foten av den majestetiske Storehesten kan du nyte vidstrakt panoramautsikt over den omkringliggande fjorden og landskapet i Bygstad. Birdbox Storehesten ligg plassert rett under fjellmassivet, perfekt avsides for andre turvandrarar. Her kan du kjenne på ekte, norsk natur, haustlege stormar eller snø dalande ned på frossen bakke. Inne i den moderne hytta finn du ein stor, mjuk seng med behageleg mengd puter som gir hytta eit varmt preg.

Sov komfortabelt under røffe, norske forhald

Birdbox er eit prefabrikkert rom som er designa for røffe, norske forhald, og skal gje ly og komfort. Når vêret herja ute kan du nyte spektakulær utsikt og naturopplevingar i romantisk atmosfære inne. Inne finn du ein stor 200 cm dobbeltseng som går frå vegg til vegg. Under senga er det eit stort lager med diverse kjøkkenutstyr, minibar, kortspel, yatzy, ullteppa, servise, ullskinn, koppar, bestikk og primus. Det er også to stolar og bord tilgjengeleg inne.

Fuglekassen har også eit tilhøyrande toaletthus som inneheld eit toalett (ingen dusj).

Korleis komme seg til Birdbox Storehesten

Birdbox Storehesten ligg i Bygstad i Sunnfjord kommune. Turen frå Førde til Bygstad sentrum tek om lag 30 minutt, og deretter er det 10 minutt køyring vidare til parkeringsplassen ved Stølshaugane. Følg skilta til Storehesten og Rytnevegen og køyr gjennom bomvegen (NOK 60,- for passering) til du kjem te ein parkeringsplass. Frå parkeringsplassen finn du skilt til Birdbox Storehesten, om lag 3-5 minutts gonge i ein fin opparbeida sti frå bilen.

Ønskjer du å nytte deg av flytransport ligg flyplassen Bringeland berre 10 minutt unna.

Mat og drikke

Næraste daglegvarebutikk finn du i Bygstad sentrum. Spar Bygstad er ope måndag – fredag 09 – 20, og laurdag 09 – 18. Det er mogleg for catering frå Mitt Lille Kjøkken i Bygstad. Her kan de gjerne plukke med dykk herlege tapasretter, sushi, ostekorg, eller det dykk vil kunne unne dåke for eit unikt døgn. Ta kontakt med Christel Eide på tel. 99 00 30 55 for matbestilling til ditt døgn.

Tider

Ope for booking heile året

Ukedager:
00:00–00:00
Lørdag:
00:00–00:00
Søndag:
00:00–00:00

Kontakt

Adresse:
  • Bygstad
  • 6977 Bygstad
Telefon:
48125202
E-post:
birdbox@storehesten.no
Nettside:
www.airbnb.no/rooms/581170184081838138?source_impression_id=p3_1698314109_Jq7jCJaQ9CB4X3lT

Fasiliteter

Unik overnatting:
Parkering:
Utendørs fasiliteter:

Hvor er Birdbox Storehesten?