Hopp til hovedinnhold

Vest på øya Hovden finn du uthamna Domba. Hamna har 30 meter med flytebrygge, plattingar og isolert grillhytte. På brygga finn du ei bu som er ope for alle. Det er fin djupne i hamna som passar fint også for seglebåtar. Det er eit trang innløp til hamna, og det kan vere noko utroleg sjø om det bles friskt. Uthamna har ikkje straum eller vatn. 

Øya Hovden er ei skogbar og berglendt øy som består av Venosk sandstein og konglomerat. Øya har eit mektig og variert naturterreng. Hovden er berglendt med atlantiske lyngheiar, fjellvatn og kulturlandskap. Følg Nordsjøløypa til tre merka turval; Kittang, Kvanhovden fyr og Hovden. Det er også kort veg til helleristningar frå Domba. Ønskjer du å reise med rutebåten til Florø kan du gå over fjellet til Barekstad. 

Kontakt

Adresse:
  • 6900 Florø
Telefon:
57743000
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Hvor er Domba - uthamn utanfor Florø?