Landleg overnatting i Eidsdal
Eidsdal Camping og Feriehus ligg landleg til omgitt av fjell og vakker vestlandsnatur. Her finn du 10 hytter i ulike storleikar og prisklassar, med til saman 50 sengeplassar. Alle enhetene har kjøkken og eigen uteplass, og passar godt for både par, familiar og grupper.
Mellom Geiranger og Trollstigen
Plasseringa langs fv. 63 gjer Eidsdal Camping og Feriehus til eit godt utgangspunkt for å utforske området. Geiranger ligg om lag 25 minutt unna med bil, medan det er tre kilometer til ferjesambandet Eidsdal–Linge. Herfrå er det også kort veg vidare mot Valldal og Trollstigen.
Natur og opplevingar i nærleiken
Rundt Eidsdal finn du eit variert turterreng med merkte stiar, tradisjonsrikt kulturlandskap og spor etter lokal historie. Du kan også utforske Herdalssetra i Norddal, aktivitetane i Valldal eller fjordlandskapet rundt Geiranger. Etter ein dag på tur kan du vende tilbake til dei rolege, landlege omgivnadene på Eidsdal Camping og Feriehus.