Flatheim er eit lite gardshotell i Viksdalen midt på den Nasjonale Turistvegen over Gaularfjellet.
Her kan du finne roen, senke kvilepulsen og komme tett på naturen. Du kan overnatte i historiske tømmerhus med sjel og sjarm. Alle våre rom er ulike og har kvar sine uttrykk. Romma er innreia med omsorg og kjærleik i restaurerte bygningar i tunet. Eit av husa er freda og har ei stove frå 1500-talet. Kring tunet ligg ein koseleg hage med blomster og nyttevekstar. I hagen er det fleire stader å setje seg ned, slappe av og nyte, både ute og under tak. Nærleiken til det verna Gaularvassdraget som renn like ved er verdifull, og gjev høve til både bading, fisking og vandring langs vatn, fossar og ei klar brusande elv. Den 22 km lange Fossestien byr på turar som passar dei fleste. Ein kan også gå flotte toppturar, rett frå tunet om ein ynskjer.
Skreddarsydde helgepakkar
Ynskjer du ferdig skreddarsydde helgepakkar? Då bør du sjå denne lenka her
Glamping
Skulle du ynskje ei litt annerleis overnatting, primitiv luksus og endå meir nærleik til naturen, så kan du overnatte i Glampingtelt på elvekanten.
Fasiliteta
Ved elva er det tilrettelagt med områder der ein kan raste og grille. Alle rom har tilgang til kjøkkenfasilitetar, men det er også høve til å bestille 3 rettars middag på kveldane for gjester som bur her. Her fins også ein liten gardsbutikk med interiør, skinn, bøker med meir.
Det er også mogleg å bestille lunsj for grupper, eller andre opplegg etter avtale.
Du kan leige båt, kano, sup-brett, el-syklar. Her er også badestamp og badstu som kan leigast ved førehandsbestilling.
Norsk Økoturisme-bedrift
Flatheim er serfitisert som Norsk Økoturisme-bedrift, og legg vekt på blant anna å lage små avtrykk, formidle lokal historie, bruke lokale varer og gjenbruke hus og inventar så langt som det er mogleg, og dei nyttar både solenergi og bergvarme i drifta deira.
