Hopp til hovedinnhold

Folven Camping ligg i Hjelledalen, ved foten av Strynefjellet og kan tilby fem ulike hytte typer etter ditt behov. Dei minste hyttene er plass til fire personar, medan den største har plass til 12. Campingen har kjøkken og saniteranlegg som gjestene kan nytte seg av.

Her kan ein nytte seg av stort uteområde med grillplassar, skatepark, beachvolleyball bane og slakk line park. Folven Camping vil også ynskje velkomen til sin eigen butikk, pub og kafè som er opne kvar dag. Sal av fiskekort og formidling av båtutleige. På Folven Camping finn du også eit eige klatrefelt og Via Ferrata Folven.

Folven Camping er den næraste campingplassen til Stryn Sommerskisenter, og er eit godt utgangspunkt for dagsturar til bla. Geiranger og Briksdalsbreen. På Folven kan du slappe av og nyte ferien i flotte omgjevnader, med utsikt mot den spektakulære Sunndalen, Hjelledøla og dei mektige fjella i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Ellers blir det arrangert ein rekke festivalar på campingen i løpet av sesongen. Dei to mest kjende er nok Strynefestivalen og Folven sykkelfestival.


Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Tangen
  • 6798
Telefon:
E-post:
info@folven.no
Nettside:
folven.no/

Hvor er Folven Adventure Camp