Fretheim Gard - Moderne hytte med fjordutsikt i Flåm
Midt mellom gamle epletre i den økologiske frukthagen på Fretheim Gard finn du ei moderne og arkitektteikna hytte med ei heilt spesiell plassering. Her bur du fredeleg og landleg, med fjorden, fjella og småbåthamna som næraste nabo – samstundes som du berre har ein kort spasertur til sentrum og stasjonsområdet i Flåm.
Frå hytta kan du nyte den storslåtte utsikta mot Aurlandsfjorden, fjella og småbåthamna. Dei store vindauga slepper naturen tett på og skaper ei lys og lun atmosfære. Hytta vart teikna av Stiv Kuling og stod ferdig i 2023, og er bygd utelukkande i norsk furu.
Hytta er på eitt plan og har to soverom med to senger, eitt bad og plass til opptil fire gjester. Her finn du alt du treng for eit komfortabelt opphald, mellom anna eit godt utstyrt kjøken, vaskemaskin, tørketrommel og sengetøy. Du har òg parkering rett ved hytta.
Bu tett på naturen – og nær alt Flåm har å by på.
Frå Fretheim Gard er det kort veg til eit rikt utval av opplevingar, aktivitetar, restaurantar og servicetilbod. I Flåm sentrum finn du fleire restaurantar og kaféar, i tillegg til butikk der du kan kjøpe daglegvarer og det du treng til eit avslappande opphald i hytta.
Flåm byr på eit stort utval av opplevingar. Ta den spektakulære Flåmsbana opp gjennom Flåmsdalen, eller bli med på RIB-tur på fjorden med FjordSafari eller Flåm Adventure. Du kan padle kajakk med Njord, utforske området på sykkel, ta Rallartoget eller leggje ut på ein av dei mange flotte turstiane i nærområdet.
Etter ein dag fylt med fjordopplevingar og aktivitetar er det godt å kome heim til ei roleg hytte i frukthagen – med utsikt over fjorden og naturen rett utanfor døra.
