Hopp til hovedinnhold

Frå garden på Dale er det kort veg til alpinanlegget i Bavallen eller langrennsløypane på Herresåsen. Bak garden er det flott turterreng, der du kan gå til Håset eller Grønahorgi.

Me har valt å behalda den gamle sjarmen i huset, her finn du gamle tømmervegger og rolege omgivnader med skogen som næraste naboar. Spektakulær utsikt mot det vakre fjellet Lønahorgi. Nyrenovert kjøkken og eit heilt nytt bad med toalett, vask og dusj (2018). Me har valgt å behalda den gamle stilen og atmosfæra, men baderom og VVS er heilt fornya.

Du vil ha huset for deg sjølv. Om du ønskjer å vera i hagen, kan du møta på oss.

Det er også mogleg å vaska klede i den nyoppussa delen av låven. Vaskerommet inneheld vaskemaskin og tørketrommel, ein stor dusj og 2 toalett.

Kilde: Visit Voss

Kontakt

Adresse:
  • Dalsvegen 44
  • 5709
  • Voss
Telefon:
E-post:
post@eldhuset-dale.no
Nettside:
eldhuset-dale.no/?k=5116#header29279

Hvor er Gamlahuset, Eldhuset Dale, Voss?