Hopp til hovedinnhold

Geiterygghytta ligg på 1224 meters høgde der mektig vestlandsnatur møter austlandske høgfjell.

Hytta ligg plassert i hjarta i Skarvheimen og binder hyttene og turrutene i området saman. Geiterygghytta er på den eine sida eit ynda startpunkt for tur ned ville og vakre Aurlandsdalen og på den andre sida innfallsporten til majestetiske Hallingskarvet.

Turar rundt Geiterygghytta

Hytta er et knutepunkt for dei merka turrutene i Skarvheimen, der ein kan kome på fine fjellturar frå andre betjente hytter som Finsehytta, Iungsdalshytta, Aurlandsdalen turisthytte, Østerbø fjellstove, Steinbergdalshytta og Storestølen fjellhotell eller frå sjølvbetjente hytter som Kongshelleren og Hallingskeid.

Geiterygghytta er òg lett tilgjengeleg med berre 3 km spasertur på grusveg eller på turski frå Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland, ein tur som passer for både store og små.

Dagsturane frå hytta er mange og varierte.

Aktuelle dagsturmål vinterstid er Bakkahellertunga, Lordehytta, Ja-benken og Kyrkjedøri. Sommarstid er hytta eit flott utgangspunkt for turen ned Aurlandsdalen og andre turmål er Godfjell og Skarvatjørnane, Kittilsbunosi, Vargebreene og Vargevatnet, Geiteryggen og Stemmerdalen.

Mat og servering

Geiterygghytta har open kafé mellom kl. 1200 og 1600 kvar dag heile sesongen.
På Geiterygghytta vert det lagt stor vekt på å servere deg tradisjonell norsk mat laga av råvarer frå lokale leverandørar. Her får du servert ekte heimelaga tradisjonsmat til å bli god og mett av. Vertskapet har ein lidenskap for norske mattradisjonar og matopplevinga vert forsterka av ein fantastisk utsikt frå spisesalen.

Opningstider

Hytta er vinteropen frå månadsskifte februar/mars til april/mai. Sommarsesong er frå slutten av juni til midten av september.

Fasilitetar

88 senger fordelt på 2- og 4 sengsrom, og koselege 4-sengsalkover. Straum, dusj og wc inne, eigne rom for gjester med hund. Spisesal, peisestove og bibliotek. Vedfyrt badestamp. Eige ølbryggeri.

Geiterygghytta DNT er eigd av DNT Oslo og Omegn

Kontakt

Adresse:
  • Geiteryggvegen 2
  • 3577 Hovet
Telefon:
90601453
E-post:
geiteryggen@dnt.no
Nettside:
www.dnt.no/geiterygghytta/

Hvor er Geiterygghytta