Hopp til hovedinnhold
Bestill

Hjartholm Feriehytter er eit ferieanlegg med godt utrusta hytter, lokalisert heilt ved sjøkanten ved Sognefjorden. Anlegget har fire store hytter, ei båthamn, stor terrasse og eit naust.

Kor ligg Hjartholm Feriehytter?

Om lag to timar frå Bergen finn du Hjartholm Feriehytter og Sognefjord Ferie. Køyr E39 mot Førde. Når du kjem ned i dalen ved Instefjord tar du av inn på FV1, sognefjordvegen. Fortsett om lag 20 minutt på FV1 til du kjem til Hjartholm Feriehytter.

Om hyttene

Alle hyttene er på 100 kvadratmeter og har to etasjar. To av hyttene har tre soverom, eit bad i første etasje og eit toalett i andre etasje. Desse er universell utforma. Dei andre to hyttene har to soverom i andre etasje, og eit bad og sauna i første etasje.

Alle hyttene har godt utrusta kjøkken, oppvaskmaskin og vaskemaskin. Hyttene har tilgong på kol grill.

Leig båt under opphaldet!

Båtar kan ein leige ved bestilling på heimesida. Sognefjord Ferie er ei registrert turistfiskebedrift, så det er viktig at alle fødd etter 1980 kan vise til båtførarbevis. Her kan ein leige både 60, 50 eller 25 hk båter. Alle med ekkolodd og kart. Du finn sløyerom like ved hyttene, lokalisert i eit eige naust. Her er det varmt og kaldt vatn, og ein har eigen fryseboks til å fryse ned havets delikatesser.

For prisar og meir informasjon, besøk sognefjordferie.no

Kontakt

Adresse:
  • 5961 Brekke
Telefon:
48 17 44 51
E-post:
info@hjartholm.no
Nettside:
no.sognefjordferie.no/cabins

Fasiliteter

Båt til utlån/utleie:
Fiskemuligheter:
Sløyebord:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Kjøkken:
Parkering:
WIFI/Internett:
TV:
Oppvaskmaskin:
Utendørs sitteplasser:
Vaskerom:
Sesong:
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
Barnevennlig:

Hvor er Hjartholm Feriehytter hos Sognefjord Ferie?