Hopp til hovedinnhold

Hotellet har enkel standard, med 16 rom i hovdudelen og 12 rom i motellet. Hotellet kombinerer moderne komfort med gammal norsk kulturtradisjon. Hotellet har mange salongar, ein i gammal stil, peisestove og spisesal.

Hotellet har fleire romkategoriar: Romantikkrom med balkong, mini-balkong eller suite, romantikkrom med dusj og WC, twin rom med dusj og WC, samt dobbeltrom økonomi med dusj og WC på motell/anneks.

Den eldste delen av Hjelle Hotel er bygd i 1896 i Sveitserstil, slik som mange andre trehotell på Vestlandet frå same tidsrom. Dei første turistane kom til Hjelle med dampbåten "Fridtjov Nansen", tidleg i 1890-åra. Den gongen var det ikkje anna enn enkle stovehus og løer der ved nordenden av Strynsvatnet. Frå strandkanten kunne turistane sjå mot Tindefjella i sør, ei rad med nunatakker omkransa av snø og is.

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter ligg kun fem kilometer frå hotellet. Rett ved hotellet ligg «gamlebutikken på Hjelle» som var bygd i 1882 og har vore driven av same familien som Hjelle hotell. I dag er det ein koselig kafé som serverer m.a. Afternoon Tea og sal av engelsk porselen.

Middag på Hjelle Hotel:
Hotellet serverer ein buffet med kalde og varme rettar med bordsete kl. 19.00 for overnattingsgjester. Det oppmodast til å bestille bord før kl. 16:00 på ankomstdagen.

I hotellhagen finn du vår flotte sauna. Den er open for våre hotellgjester frå kl. 08:00-21:30, og ikkje-boande kan nytte saunaen kl. 12:00-12:45 og kl. 14:00-15:45

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Hjellevegen 240
  • 6798
Telefon:
57872750
E-post:
hotel@hjelle.com
Nettside:
www.hjelle.com

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Grønne sertifiseringer

Hjelle Hotel har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
  • MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn
Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

Hvor er Hjelle Hotel