Klingenberg Fjord Residence - Årdal
Frå juni 2026 kan du bu i splitter nye leilegheiter heilt nede ved fjorden – ein del av Klingenberg Resort. Klingenberg Fjord Residence gir deg ei unik kombinasjon av moderne komfort, privatliv og nærleik til naturen, med spektakulær utsikt og gode fasilitetar rett utanfor døra.
Dette er eit ideelt utgangspunkt for å oppleve noko av det beste regionen har å by på. På kort tid når du Utladalen – eit av dei vakraste dalføra i Noreg – med tilgang til ikoniske Vettisfossen og ei rekkje varierte fjellturar i Jotunheimen National Park. Enten du ønskjer rolege turar i dalen eller meir krevjande toppturar, ligg alt til rette for store naturopplevingar.
Du har òg kort veg til Tindevegen, snarvegen gjennom Jotunheimen Nasjonalpark som går mellom Årdal og Luster. Den 32 kilometer lange vegen tek deg høgt til fjells og byr på storslått utsikt mot Skagastølstindane og Austabotntindane – eit perfekt utgangspunkt for vidare turar og naturopplevingar. For ei heilt anna oppleving kan du utforske fjorden frå vassnivå med guida kajakktur i regi av Bulder & Brak – ei minnerik oppleving tett på naturen.
Leilegheitene er utforma for å passe både familiar, vennegjengar og gjester som ønskjer eit lengre opphald. Her bur du romsleg og komfortabelt, med moglegheit for å lage eigne måltid, samstundes som du har tilgang til hotellservice når du ønskjer det.
Klingenberg Fjord Residence tilbyr:
- 10 moderne leilegheiter med 1–2 soverom
- Plass til 3–5 personar
- Fleire med panoramautsikt mot fjorden
- Tilgang til hotellfasilitetar og service
- Heis og enkel tilkomst
Her får du det beste frå to verdener – fridomen ved å bu i eiga leilegheit, og komforten frå eit hotell. Samstundes har du naturen som nærmaste nabo, klar til å utforskast året rundt.
