Hopp til hovedinnhold

Port Steingard gjestehamn ligg i Kråko på Fitjar og er ei lita, roleg og godt skjerma gjestehamn. Hamna er verna av ein solid molo, noko som gjer at ho er eit trygt val for båtfolk – også når det bles nordavind.

Kva finn du i Port Steingard gjestehamn?

Gjennom kanalen kjem du inn i den vakre Hellandsfjorden, som er godt eigna for båtturar, padling og naturopplevingar. Ved gjestehamna ligg ei fin sandstrand, og på andre sida av kanalen finn du endå ei badestrand. Området er familievenleg og byr på gode moglegheiter for bading og rekreasjon.

Fasilitetar i gjestehamna

Port Steingard gjestehamn har kaiplass til ein eller to større båtar på innsida av moloen, i tillegg til gjesteplassar langs kaien ved Kråko Spiseri.

Det er ikkje mogleg å reservera båtplass. I høgsesongen og ved arrangement løner det seg derfor å koma tidleg.

Mat og servering

Rett ved gjestehamna ligg Kråko Spiseri, som held sesongope. Her kan du nyta mat og drikke i maritime omgjevnader. For oppdaterte opningstider eller spørsmål kan du kontakte Kråko på +47 906 97 792.

Daglegvare og avstandar

Næraste daglegvarebutikk er Spar Fitjar i Fitjar sentrum, berre ein kort båttur frå Port Steingard.

Praktisk informasjon

  • Stad: Kråko, Fitjar
  • Koordinatar: 59°53'37.7"N 5°16'57.3"E
  • Reservasjon: Ikkje mogleg
  • Servering: Kråko Spiseri
  • Næraste daglegvare: Spar Fitjar

Kontakt

Adresse:
  • 5419 Fitjar
Telefon:
+47 906 97 792
E-post:
spiseri@urtogugras.no
Nettside:
www.krako.no/om-port-steingard

Fasiliteter

Kafé:
Restaurant:
Sanitæranlegg:
Vannpåfylling:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Port Steingard gjestehamn