Hopp til hovedinnhold

Unik overnatting ved sjøen

Rosenlund Hamn ligg idyllisk til ved kysten på Sandshamn på Sandsøya, og er eit moderne boutique-hotell for deg som vil sove godt og vakne tett på havet. Her kan du velje mellom komfortable rom og suiter – alle lyse og nyoppussa, med eige bad, TV og WiFi. Nokre av roma har også balkong og panoramautsikt mot kysten, slik at du kan nyte kaffikoppen med bølgjesus rett utanfor vindauget.

Nærheit til sjølivet

Rett utanfor dørstokken finn du gjestebrygga, som gjer Rosenlund Hamn til eit perfekt stopp for deg som kjem med eigen båt. Brygga har god djupne, solide fortøyningar, vasspåfyll og straumuttak – og er eit populært samlingspunkt for båtturistar på Sunnmørskysten. Her kan du legge til, utforske øya eller ta deg ein tur inn i restauranten som serverer mat med lokale råvarer og smak av kysten.

Opplevingar på Sandsøya

Rosenlund Hamn er eit flott utgangspunkt for opplevingar på Sandsøya og i havgapet rundt. Her kan du utforske vakre sandstrender, ta turen til Dollsteinhola for grottevandring, vandre til Sandsøyvatnet eller prøve fiskelykka frå land eller båt. Du kan leige sykkel, padle kajakk eller berre finne roen med ei god bok ved sjøkanten.

Velkomen til kystlivet på Rosenlund Hamn – der ro, sjø og Sunnmørsk natur gir deg påfyll for både kropp og sjel!

Kontakt

Adresse:
  • Rosenlund
  • 6089 Sandshamn
Telefon:
+47 907 82 869
E-post:
booking@rosenlundhamn.no
Nettside:
rosenlundhamn.no/

Fasiliteter

Gjestehavn:
Utendørs fasiliteter:
Resepsjon:
Restaurant:
Frokost:
Barnevennlig:
Parkering:
WIFI/Internett:
TV:
Konferansefasiliteter:

Hvor er Rosenlund Hamn - Hotell på Sandshamn