Hopp til hovedinnhold

Sæbøvik - ei flott gjestehamn!

Sæbøvik hamn er ei triveleg gjestehamn med plass til 40 båtar. Her finn du solide betongbrygger og bølgedemping mot sør – noko som gjer dette til ei trygg og god hamn, med god djupne òg for seglbåtar.
Hamna har både straum og vatn, og er tilrettelagt for rørslehemma.

Fasilitetar

Hamna ligg saman med bubilparkeringa ved Halsnøy Kulturhus, midt i sentrum. Det er kort veg til butikkar, serveringsstader og andre tenester.

For leige av sykkel eller kajakk, ta kontakt med Sverre Bjørnevik på telefon 970 24 324.

Landsbyen Sæbøvik

Landsbyen Sæbøvik har ei koseleg gate med godt utval av varer og tenester. Ved Halsnøy Kulturhus finn du òg leikeaktivitetar for born – eit hyggeleg samlingspunkt for både fastbuande og tilreisande.

I nærleiken kan du oppleva meir av det vakre landskapet på Halsnøy. Det finst gode sykkelvegar der du kan besøkja både Halsnøy Kloster og Halsnøy Historiske Senter i Høylandsbygd. I området finn du mange flotte turalternativ blant anna rundtur i Toftåsen. Like ved finn du både badestrand og gode fiskeplassar rundt holmane i Sæbøvik – perfekte for ein roleg dag ved sjøen.

  • Facebook logo

Priser

Fra:
NOK 300

Kontakt

Adresse:
  • Sæbøvik
  • 5454 SÆBØVIK
Telefon:
+47 970 24 324
E-post:
Jarle.landa@knett.no
Nettside:
sæbøvikhamn.no

Fasiliteter

Lekeplass/lekerom:
WIFI/Internett:
Strøm:
Vaskerom:
Sanitæranlegg:
Restaurant:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Sæbøvik gjestehamn