Heile anlegget er nybygd og modernisert og tilbyr høg standard på overnatting for rimeleg pris. Vi har ein koseleg eplehage og eit amfi der det er mogleg å grille. Vi har ope frå 1. juli til 8. august! Prisar
Dobbeltrom: 1 010,- per natt
Familierom (2 vaksne 2 born): 1 210,- per natt
Enkeltrom: 610,- per natt
Alle desse romma har privat bad.
Enkeltrom: 510,- per natt
Dobbeltrom: 760,- per natt
Alle med felles dusj og toalett på gangen, ein avdeling har 3 dobbeltrom og 1 enkeltrom.
Grunna Covid så blir det ikkje servert frukost grunna smittevernhensyn.
Alle prisane er inkludert sengetøy. Vi har òg gratis parkering og eit eige kjøkken der de kan tilbrede dykkar eigen mat.
Om du kjem med buss/flybuss eller skal reise viare med dette er det bussstopp rett ved Sogndal Vandrarheim.
Book rom enten via telefon, epost, eller via portalane booking.com eller hihostels.no
Velkommen til oss!