Hopp til hovedinnhold

Hos Voss Vandrarheim bur du sosialt og komfortabelt, men så rimeleg at du kan prioritera opplevingar i ferien. Vandrarheimen har ein unik plassering like ved Vangsvatnet og er i det ideelle bualternativ når ein vil oppleve Voss og den vakre naturen - både sumar og vinter.

Voss Vandrarheim har totalt 40 rom (180 senger), alle er med toalett og dusj. Dei fleste romma har køyesenger, medan romma i kategorien «lake view private room» har dobbeltsengar. Det er ikkje TV på romma, men eitt TV-rom og også eit gjestekjøkken i fellesområda.

På vinteren kan du slappa av foran peisen, eller kosa deg i badstova etter ein lang dag på ski. På sommaren er det kanskje den flotte balkongen med utsikt mot Vangsvatnet og Gråsida som freistar mest. Voss Vandrarheim har også ein sommarresturant, og serverer lokal øl.

Voss Vandrarheim har nokre få rom med tillatt hund for 150 kr per døgn, ynskjer du å bestille dette eller «lake view private room», ta direkte kontakt med med Voss Vandarheim på booking@vosshostels.no

Andre fasilitetar:
- Bordtennis
- Biljardbord
- Gratis Wi-Fi
- Parkering utandørs (gratis)
- Tilpassa rullestolbrukera
- Vaskemaskin
- Bibliotek/bokbyttestasjon
- Bagasjerom, tilgjengeleg i resepsjonens opningstid

Opningstider heile året:
Resepsjon: Frå 07.00 – 12.00
Frå 17.00 – 22.00

For kontakt med Voss Vandrarheim:
Peter Bondesveg 40, 5704 Voss
Tlf: + 47 56512017 + 47 9759 3888
voss@hihostels.no

Viktig info
- Gyldig legitimasjon med foto må framvisast ved innsjekking
- Born under 16 år kun i følge med foreldre og foresatt
- Born under 16 får ikkje bu på felles fleirsengsrom
- Medlemskap kan kjøpast ved ankomst på vandrarheimen
- Gjeldande priser er for gjestar utan medlemskap i Norske Vandrarheim, Hostelling International eller anna tilslutta nasjonal vandreheimsorganisasjon

Kilde: Visit Voss

Kontakt

Adresse:
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Standard rom - Voss Vandrarheim?