Hopp til hovedinnhold
Bestill

Stangeland Gard er ein familieeigd gjestegard ytterst i havgapet, der gjester kan overnatte i hotellrom som tek ein tilbake til 1920-talet, eller sove under stjernehimmelen i heilårsglamping. Her kan ein bu og oppleve øylivet på Stolmen, heilt ute blant dei 667 øyane i Austevoll, med Nordsjøen som næraste nabo. Staden tilbyr også flotte lokale for spesielle feiringar eller kurs og konferansar.

Overnatting

I hovudhuset har Stangeland Gard fire hotellrom innreidde i stil frå 1920-talet, og på tunet finn ein fire glashytter som kan nyttast heile året. Her møtest det gamle og det nye, og skaper gode draumar og god søvn i frisk øyluft og rolege omgivnader. Til frukost blir det servert lokale råvarer som heimalaga syltetøy, honning og frukostblanding.

Ved bestilling av rom kan gjester også bestille lunsj som kan nytast på garden eller takast med i ein pikniksekk ut på tur. Til kvelds er det mogleg å bestille kveldsmat som planke, pizza eller ostefat ved reservasjon av rom. For dei som ynskjer ein finare middag eller á la carte, vert det varmt tilrådd å besøke Bekkjarvik Gjestgiveri eller Mirabelle by Ørjan Johannessen, begge berre ti minutt unna med bil. Transport kan organiserast ved behov. Ved større grupper kan Stangeland Gard tilby middag ved førehandstinging minst ei veke i forkant.

Gardsbutikk

Gardsbutikken er open annakvar helg, og oftare i sommarsesongen. Her kan ein kjøpe lokalproduserte varer som strikketøy, såper, honning og anna kortreist mat. Kanskje dukkar det opp ei gåve til nokon ein er glad i. Er butikken stengd under opphaldet, kan han opnast for overnattingsgjester.

Aktivitetar

Like utanfor døra ligg flotte turstiar, både korte og lange. Ved Globen finst ei 500 meter lang plankesti som er tilgjengeleg for alle og fører til øyas utkikkspunkt. For å oppleve naturkreftene kan ein gå til Vågholmen i sør, der havet bryt mot svaberga — trygt på avstand, men likevel tett på elementa. Stolmen byr på opplevingar for både store og små.

På Stangeland Gard skal det vera godt å vere, og her skal ein kjenne seg heime. Velkommen!

Slik kjem du deg til Stangeland Gard

Stangeland Gard ligg på Stolmen i Austevoll. Frå Bergen sentrum går det hurtigbåt fleire gongar dagleg til Bekkjarvik. Frå Bergen lufthamn tek båtturen omlag 30 minutt, med skyttelbuss til kaien. Du kan òg ta bilferje frå Krokeide til Hufthamar, og vidare med bil til Stolmen.

Frå Stavanger går det ferjer via Årsvågen–Mortavika og Sandvikvåg–Husavik. Kystbussen går mellom Stavanger og Bergen, der du kan byte til lokalbuss mot Austevoll. Sjå Skyss og Fjord1 for rutetabellar.

Kontakt

Adresse:
  • Stangelandsvegen 3
  • 5398 Stolmen
Telefon:
+47 99 20 36 29
E-post:
Nettside:
www.stangelandgard.no/

Hvor er Stangeland Gard