Hopp til hovedinnhold

I hjartet av Nordfjord ligg den vakre naturperla Stryn. Her finn du Stryn Camping, som ligg fint til midt i sentrum. Med mektige fjell, brear, fjordar, elvar, fossefall og djupe vatn byr Stryn på alt frå spektakulære naturopplevingar og ei rekke aktivitetar til late dagar på ein av uteserveringane i sentrum.

På campingen kan du overnatte i større hytter og enklare campinghytter, med campingvogn, bubil eller telt. Her finst det òg eit leikeområde for born, med minigolf og trampoline.

Stryn byr på gode opplevingar både sommar og vinter, med mellom anna ski, vassaktivitetar, båt, kano og fiske. Det finst òg fantastiske moglegheiter for sykling og vandring i naturskjønne område.

Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • Bøavegen 5
    • 6783
    Telefon:
    57 87 11 36
    E-post:
    post@stryn-camping.no
    Nettside:
    www.stryn-camping.no

    Fasiliteter

    Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

    Hvor er Stryn Camping