Sundal Camping er omgitt av det vakre landskapet i Maurangerfjorden, ein arm av Hardangerfjorden. Campingplassen ligg ved fjordkanten sentralt i Sunndal, med utsikt mot Bondhusbreen, Bondhusdalen og fjorden. Sundal Camping leiger ut hytter i ulike storleikar, frå 20 m² til 64 m², og har 60 oppstillingsplassar for bubilar, vogner og telt. Her er og stor gjestehamn. Nytt i 2018 er ein oppstillingsplass for bubilar i nærleiken av sjølve campingplassen. På campingplassen er det tre sanitærhus, kiosk, fellesrom, grillplass, leikeplass og badeplass.
Sundal Camping er eit godt utgangspunkt for både fjord- og fjellopplevingar. Bur du her er det gå avstand til Bondhusdalen og Bondhusbreen. Kano, båtar og motorar kan leigast. Gode fiskemoglegheiter i sjø og elv. Gjestar kan og besøke eit gardsbruk med kyr, sauer og eige gardsmuseum.
Camping
Sundal Camping
Sundal Camping ligg ved Maurangerfjorden, med utsikt mot Bondhusbreen og fjorden. Tilbyr hytter, oppstillingsplassar for bubil, vogn og telt, samt sanitærhus, leikeplass og badeplass. Perfekt for fjord- og fjellopplevingar.
Sundal
© Sundal Camping
Kilde: Visit Hardangerfjord
Kontakt
- Adresse:
- Sunndalsvegen 641
- 5476 Mauranger
- Telefon:
- +47 95967819
- E-post:
- sundalcamping@gmail.com
- Nettside:
- www.sundal-camping.no
Fasiliteter
- Sesong:
- Høst
- Sommer
- Vår