Torvika Seaview Pods – Unik overnatting ved havet
På Torvika Seaview Pods kan du nyte utsikta over storhavet og det vakre øyriket like ved i fred og ro. Dei moderne leilegheitene med sjølvhushald ligg mellom havet, grøne åsar og kystfjell, og gir eit perfekt utgangspunkt for å utforske kystkulturen i regionen og nærliggande fjordar som Hjørundfjorden og Geirangerfjorden. Her kan du senke skuldrane, kome tett på naturen og oppleve det rolege livet ved havet.
Kvar pod har panoramavindauge med utsikt mot havet og øyane. Enten du kjem for å nyte ei roleg pause frå kvardagen eller ein aktiv ferie, inviterer området til fotturar, fiske, sykling, eller berre til å slappe av ute i det fri.
Nær Ålesund, Runde og storhavet
Torvik er ei lita bygd på vestkysten av Noreg, i Herøy kommune, berre ti minutt frå den vesle tettstaden Fosnavåg og nær fugleøya Runde. Ålesund lufthamn Vigra ligg to timar unna, og Ørsta/Volda lufthamn ligg 40 minutt unna med bil. Både Hurtigruta og Havila Kystruten har anløp i Torvik, berre ein kort gåtur frå overnattinga.
Torvika Seaview Pods passar perfekt for deg som ønskjer å utforske det vakre og ville landskapet ute i havgapet.
