Hopp til hovedinnhold

Velkomen til Tyin Filefjell – ei perle i fjellheimen der komfort møter vill og vakker natur.

I dei nyopna hotellromma ventar storslått utsikt og topp komfort. Her kan du vakne til klare fjellmorgonar og sovne i mjuke senger etter ein dag fylt med opplevingar.

På hotellet kan du bestille dobbeltrom, twinrom, superiorrom og romslege familierom – alt tilrettelagt for eit avslappande og behageleg opphald, enten de reiser som par, vennegjeng eller familie.

Ønskjer du meir fridom under opphaldet, kan du velje mellom hytter og leilegheiter med sjølvhushald. Her kan du bestille leilegheit med badstove og plass til 1–4 personar – perfekt for ei roleg fjellhelg. For større følgje finst det romslege leilegheiter med plass til 6 personar, der dynene er mjuke som nysnø og vegen frå mat til motbakke er kort.

Naturen rundt Tyin Filefjell er like vakker sommar som vinter. Med Jotunheimen nasjonalpark som næraste nabo ligg alt til rette for minnerike dagar – anten du vil gå i høgfjellet, sykle, fiske, stå på ski eller berre nyte stilla og den friske fjellufta.

Slik kjem du deg til Tyin Filefjell

Det er enkelt å kome seg hit. Avstanden frå både Oslo og Bergen er om lag den same – ca. 3,5 time med bil langs E16, hovudvegen mellom dei to største byane i landet.

Reiser du kollektivt, kan du ta buss heilt fram. Både Valdresekspressen, Øst-Vestekspressen og Vy køyrer til busshaldeplassen på Tyinkrysset, som ligg like ved Tyin Filefjell. Herifrå er det kort veg til overnatting, opplevingar og fjelluft.

Tyin Filefjell – der opplevingar og kvile går hand i hand, året rundt.

Kontakt

Adresse:
  • Grøvstølsvegen
  • 2985 Tyinkrysset
Telefon:
46665665
E-post:
booking@tyin.no
Nettside:
www.tyinfilefjell.no/sove/

Hvor er Tyin Filefjell Overnatting