Utne Hotel er Noregs eldste freda trehotell som kontinuerlig har vore i drift i snart 300 år. Det heile starta i 1722 som eit gjestgiveri med stove, kjøken, gang og eit soverom. Utne hotel har i fleire hundre år bydd på tradisjon og omtanke for sine gjester.
Alderen tatt i betraktning er det ikkje så rart at ein kan høyre knirkelydar eller fornemma at det er nokon frå tidlegare generasjonar som passar på. Det er som å bu i ei historiebok.
Hotellet har gjennom tidene vore drive av sterke kvinner, -Mor Utne dreiv hotellet i heile 70 år. Utne Hotel ynskjer verda velkomen inn og folk velkomne heim.
Sjekk gjerne ut denne linken for å finne alternative aktivitetar medan du er hjå oss.
