Hopp til hovedinnhold

Vetti Gard Turiststasjon - Årdal

Djupt inne i Utladalen, ved inngangen til Jotunheimen nasjonalpark, ligg Vetti Gard Turiststasjon – ei heilt spesiell oppleving for deg som vil tett på naturen.
Garden har teke imot fjellfolk sidan 1800-talet, og har vore eit naturleg stopp for pionerar, eventyrarar og reisande på veg inn i Jotunheimen. Mellom dei som har funne vegen hit er Edvard Grieg, som sa han vart ti år yngre kvar gong han besøkte staden.
I dag er Vetti Gard ein stad for ro, nærleik til naturen og ekte opplevingar – langt frå støy og travelheit.

Opphald & kapasitet

Vetti Gard tek imot gjester i sommarsesongen frå juni til september, og tilbyr enkel og sjarmerande overnatting i historiske omgjevnader:
• Rom i gardshusa (enkeltrom, twin og familierom)
• Sovesal i låven med madrassar
• Totalt om lag 40 sengeplassar
• Dagsopen kiosk (12.00 – 17.00)
Her bur du enkelt, men med ei oppleving som ikkje kan erstattast av moderne hotell.

Opplevingar i området

Vetti er eit perfekt utgangspunkt for turar i noko av den mest dramatiske naturen i Noreg:
• Tur til Vettisfossen
• Vandring vidare innover i Utladalen
• Toppturar og lengre fjellturar i Jotunheimen
Stillheita, landskapet og historia gjer opphaldet til noko meir enn berre ei overnatting.

Mat & atmosfære

Etter ein dag ute i fjellet kan du nyte ein betre middag på garden. Her handlar det om det ekte og nære – gode smakar, roleg tempo og ei stemning du ikkje finn mange andre stader.

Vetti Gard er åpen fra midten av juni til begynnelsen av september, og passar utmerket som del av ein lengre fjord- og fjellferie i regionen.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Utladalen
  • 6884 Øvre Årdal
Telefon:
57665800
E-post:
post@vettisriket.no
Nettside:
klingenberghotel.no/vetti-gard-turiststasjon/

Hvor er Vetti Gard Turiststasjon