Hopp til hovedinnhold

Alle romma her på Visnes Hotel er litt ulike, i nostalgisk stil frå 1920 talet. Mange av romma har også balkong, og alle rom har eigne bad.
Frukost serverast i den staselege spisesalen, og om du vil, kan du smøre matpakke med deg til tur. Det er mange aktivitetar og turar og velje nær oss. Vertskapet hjelper gjerne til med å planlegge dagen for deg og tilpassar etter personlege ynskje og ver.

Hotellet ligg ein kort spasertur frå Stryn sentrum, og til Loen og Olden er det kort veg med bil. Her finn du kjente turmål som Lodalen, Raksætra, Loen Skylift, Kjenndalsbreen, Briksdalsbreen, Skålatårnet, og mange andre turar! Både kortare og lengre turar, vi hjelper deg å planlegge.
For dagsturar med bil, kan vi anbefale å ta turen ut mot kysten, til Selje eller Bremanger. Eller nordover mot Sunnmøre og Geiranger. Her kan du oppleve ein kystnatur som er heilt ulik den vi har inne i fjorden!

Med Visnes Hotel som base, kan du oppleve mykje, og vel tilbake på hotellet på kvelden, kan du nyte eit glas lokal drikke på terrassen, og ein heimelaga middag i restauranten vår.

Velkommen til oss!

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • prestestegen 1
  • 6783
  • Stryn
Telefon:
E-post:
post@visneshotel.no
Nettside:
www.visneshotel.no/

Fasiliteter

Restaurant:

Hvor er Visnes Hotel Stryn?