Hopp til hovedinnhold
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Dagsturar i Askvoll

Dagstur til Atløy

Atløy er naboøya til sentrum av Askvoll. Her kan du ta ferja ut til Gjervik og utforske øya Atløy for ein dag. Vi gir deg gode tips til kva du kan finne på!

Askvoll

Rolig

5 timer

1

Ferje frå Askvoll til Atløy

Atløy ligg rett over sundet vest for Askvoll sentrum. Du tar ferja Askvoll - Gjervik frå sentrum av Askvoll. Ferja har avgang om lag kvar time, og overfarten tar 10 minutt

2

Vilnes Kyrkje

Vel framme på Atløy tar du til venstre i Gjervika mot Herland. På vegen vil du passere Vilnes kyrkje som er vel verdt eit besøk. Vilnes kyrkje er ei vakker langkyrkje i tømmer bygd i 1674. Kyrkjestaden er vissleg svært gammal, utan at nokon kan seie den rette alderen. Etter terrengforma er det nærliggande å tru at haugen der kyrkja står, frå gammalt av var hovstaden på Vilnes. Ute på kyrkjegarden står ein steinkross som i forma minnar om Olavskrossen på Svanøy.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
3

Gå ein tur på Brurastakken

Få stadar har så rik og mangfaldig geologisk historie som Askvoll-område, og ca. 2 km før du kjem til bygda Herland finn du fjellformasjonen Brurastakken. Med sine svarte, kvite og grøne stripar liknar det på skjørtet til ei brur, derav namnet Brurastakken. Fjellformasjonen ligg godt synleg når du kjem sjøvegen og er eit eldorado for geologar på feltarbeid. Her får du fantastisk 360 graders utsikt for på få høgdemeter, og fjellformasjonen har eige geologiløype.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
4

Besøk fiskerihamna Herland

Herland er ei fiskerihamn der gardsbruk og fiskeri alltid har vore livsnerva. I dag er det fiskebåtar som vert dreven frå Herland. I tillegg var det krabbefabrikk her. Den hadde over 90 ansatte i si storheitstid på 1950-60-70 talet. I følge historia skal Islands nasjonalkald Egil Skallagrimson ha drept "Atløy Bård" med kniv på Kongsgarden på Herland på 900-talet, dette under eit besøk av kongssonen Eirik Blodøks og hustru Gunnhild.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord