Hopp til hovedinnhold
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Dagsturar i Askvoll

Kulturvandring i Askvoll sentrum

Vandre langs gatene i Askvoll sentrum. Her kan du bli med på ei reise i Anders Askevolds motiv. Løypa te deg med til stader med tilknytning til kunstmålaren sitt liv. Ved å klikke deg inn på kulturvandring.no får du opp løypa med lyd og bilete medan du vandrar. Turen har 10 punkt med historia om Anders Askevolds motiv, og tek om lag ein time.

Askvoll

Rolig

2 timer

1

Båthamna

Første stoppet i kulturvandringa er i båthamna. Her får du Askvoll-bygda sett frå sørvest, slik Anders Askevold måla det kring 1858.

2

Bøen

"Fra kunstnerens hjem". Her budde foreldra til Anders frå ca. 1859 og det var hit Anders Askevold kom på besøk etter at han hadde budd i Bergen og Christiania og fått opplæring i teikning og måling

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
3

Murhuset

Dette huset vart bygd av son til bonden Peter Askevold på Askvoll Øvre, Lars Fritjof. Han var murarmeister og hadde arbeidd i Trondheim og Bergen.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
4

Vadestaden

For å få kyrne på beite i Askedalen og i Askvollmarka måtte ein alltid vere budd på å krysse elva. Gjetarene og budeiene var godt kjende med dei beste vadestadane. Les meir om korleis dei tok seg over elva på kulturvandring.no

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
5

Kyrkja

Anders Askebold laga teikningane til denne kyrkja, sjølv om han ikkje var arkitekt. Ho vert gjerne rekna som ei enkel, klassisk kyrkje. Askvollkyrkja vart oppført i ei tid med mykje kyrkjebygging i landet vårt.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
6

Ved kyrkjegardsmuren

Måleriet "Ved naustet" frå 1866 ser ut til å ha henta motiv frå fjæra vest for kyrkja. Les meir om måleriet og kva ein ser på kulturvandring.no

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
7

Prestegarden

Denne staden har nok hatt stor betydning for Anders Askevold. Han gjekk på skule her saman med faren som lærar. Han hadde eit godt tilhøve til prestane som virka her på hans tid

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
8

Klokkargarden

Anders Askevold vart fødd på den gamle Klokkargarden på Prestegarden 1. juledag i 1834. Som eldste son måtte Anders tidleg gjere nytte for seg som gjetar, og har slik fått god kjennskap til livet som ein vestlandsgard og til husdyra der.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
9

Øyra og Kleivasvingen

Bilete "til seters" har henta motiv frå strandlinja i Askvoll, litt lenger inn enn dagens friluftsområde Øyra. Øyra og Kleivasvingane er punkt 9 og 10. på Kulturvandringsløypa, og du er dermed ferdig med turen.

© Steinars Foto og Repro