Hopp til hovedinnhold
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Dagsturar i Askvoll

Sykkeltur frå Askvoll til Holmedal

Frå Askvoll kan du sykle gamlevegen langs fjorden mot Holmedal. Her finn du mange flotte motiv på din veg.

Askvoll

Litt aktiv

5 timer

1

Helle Knivfabrikker

Stopp ved fabrikkutsalet på Helle Fabrikker som produserer høg-kvalitet knivar inspirert av fjord og ope hav. Her kan du gjere eit godt kjøp

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
2

Fjord Gardsmat

I Holmedal finn du også Fjord Gardsmat som sameiner tradisjon med nye smakar for den morderne gane. Dei handlaga produkta femnar om spekemat av geit, svin og får, røykt spekelaks og røykjeflesk, ferskfrosne kjelår, bogar og sider, ferdig dampa pylser med mange smakar, langtidsdampa kjøt i pose og røykt kjøt og pylser. Her kan du finne gode smakar som du kan nyte på turen vidare.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
3

Besøk statua av Ingolf Arnarson i Rivedal

Ingolf Arnarson, frå den lille bygda Rivedal, regnes som den første norrøne busettaren på Island. Frå heimgarden sin i Rivedal måtte Ingolf Arnarson i år 874 flykte etter å ha teke livet av to av sønene til Atle Jarl. Han reiste då vestover og kom til Island, og grunnla her den første busetjinga. I henhald til sagaen så kasta Ingolf ættestolpene over bord når han nådde den ubebodde øya, og der dei vart skylt i land av bølgene bestemte han seg for å bu, noko som markerte den første permanente busetningen på Island. Slik går røtene til nasjonen Island direkte tilbake til Rivedal i Dalsfjorden. Statuen av Ingolf Arnarson står langs vegen mellom Holmedal og Dale, og kjem ofte veldig raskt på deg når du køyrer forbi. Er det slik at du kjem med bil så anbefala vi at du stoppar bilen eit stykke unna for så å gå langs vegen mot statuen. Bruk gjerne refleks slik at bilane ser deg betre når du går langs den smale vegen. Kjem du med sykkel er det eit mogleg å ta den med ned.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord