Hopp til hovedinnhold
Kirke i Florø
© Visit FjordKysten
1

Rådhuset

Turen startar frå turistinformasjonen som ligg i første etasje i Rådhuset til Kinn kommune. Dette vart reist i 1903 mellom anna på tomta til Sandahl-huset, der bystyret til då hadde hatt møta sine. Rådhuset husa tidligare telegrafstasjonen der det i 1922 braut ut brann og berre yttermurane av rådhuset stod att. Huset vart gjenreist og litt utvida. Rådhuset vart i si tid plassert her fordi området då var byen sitt sentrum. Vest for denne staden budde "utibynarane" og på austsida budde "innibynarane".

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
2

Strandgata

Du startar med å gå Strandgata austover. Florø vart by i 1860 og det var då to gardar her. På venstre side av Strandgata låg sjøhusa og mange av dei er no vekke til fordel for nybygg. Det er i denne gata du finn dei eldste husa i byen. Om du løftar blikket ser du Brandsøyåsen på 293 moh. Dette er ein fin tur, der det er sti nesten heilt frå sentrum. Eller du kan ta bussen til Torvmyrane skule.

3

Kommunikasjon

På andre sida av gata til Rådhuset står skulpturen "Kommunikasjon". Skulpturen viser to barn i samtale med kvarandre. Det er eit symbol på den kontakten utflyttarane framleis ynskjer å ha med byen. Det var utflyttarane som i sin kjærleik til byen gav denne spesielle skulpturen til Florø i samband med 125-årsjubileet. Den vart avduka i 1985 av initiativtakaren Vigdis Kittang og Leiv Hovden

skulptur av to jenter som snakker sammen. ho eine held handa si over skuldra til den andre
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
4

Strandgata 32

I dette huset som vart bygd før 1883 var det opphaveleg ein etasje men vart seinare utvida med ein etasje til, med forretning i første og bustad i 2.etasje. Då kravde bygningsrådet brannvegg mot vest, der Rådhuset var kome opp og teke i bruk i 1903. Det kom vel med for rådhuset brann som kjent i 1922. Seinare dreiv Margit og Anders Johannesen herberge rundt fram til rundt 1950. I nyare tid var lokalet mest kjent som Judits Butikk som selde vesker i første etasje. No ligg BUA her, der du kan låne utstyr sommar og vinter. På veggen mot Rådhuset er det måla ein rev som prøver å fange ein fugl. Det er artisten Newton, produsent Petter Nord og franske Stew som står bak.

bygninger i florø
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
5

Strandgata 34 - Moehuset

Dette er eit av dei eldste husa i byen, opphaveleg flytta frå Nordalen og kom hit kring 1860. Her heldt urmakar Johs. Moe til i mange år. Sonesonen til Johs. Moe, Eystein Moe, har halde på som urmakar inntil nyleg. Dei budde i 2. etasje. No er det mellom anna frisør og gravferdsbyrå i 1. etasje.

6

Strandgata 27 - Christensen huset

Namnet på dette huset heng igjen frå den dugande forretningskvinna Ellen Christensen som ung kom til Florø frå Atløy og her etablerte ho eiga forretning i 1889. Dette huset vart bygd tidleg på 1900-talet, då det stod fleire mindre hus og buer langs sjøen i denne delen av Strandgata. Ellen Christensen var ei drivande forretningskvinne og satsa på kle-/moteforretning, parfymeri og ein del andre spesialitetar. Ho var mellom anna kjent for sin ekstra gode kaffi og det vart fortalt at når folk skulle ha selskap med spesielle krav til kaffikvaliteten så handla dei hos Ellen Christensen. Ho var også kjend som eit skikkeleg friluftsmenneske og var medeigar i seglbåten Jernbarden. Ho skal og ha vore ei av dei første kvinnene i Florø som hadde sykkel. Her har det vore ulike forretningar, og i dag er det Thairestaurant, medan resten av huset er bustad.

7

Strandgata 29

Mellom dei to fine trebygningane i Strandgata 27 og 31 finn du eit særmerkt murhus, bygd i 1925 på den siste tomta som var tildelt i dette området, og den siste i Strandgata mot sjøen. Her har det vore jernvare, våpen og motoragentur.

gammel bygning i mur. blå solskjerming på alle vindauga
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
8

Strandgata 31 - Solheimhuset

I 1898 bygde P.B. Solheim det stilreine forretnings- og bustadhuset Strandgata 31, omtrent slik vi ser det i dag. Til eigedomen låg det også ei gamal sjøbu som fram til nybygget stod ferdig tente som både handelsbu og familiebustad. I nyhuset var det handel i kjellaren, både kolonial og klesbutikk, bustad for Solheim-familien og elles utleigebustader. Den gamle bua vart rive i 1988 og ei tid etter det vart det satt i gang eit større fyllingsarbeid i sjøen framfor og det vart laga parkeringsplass. På dette området framfor Solheimhuset ligg no Kolkaia med sitt forretnings- og bustadbygg. I første etasje finn du i dag Hjerterommet der kreative sjeler møtes og det er salg av lokale handverksprodukter.

9

Atløy

Mellom Solheimhuset og Bistro To Kokker går du ned på Kolkaia. Der ligg M/S Atløy om den ikkje er ute på tur. M/S Atløy vart bygd i 1931 og er den einaste av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) sine førkrigsskip som er teken vare på i tilnærma opphaveleg stand. Gjennom to mannsaldrar gjorde M/S Atløy teneste i lokale ruter over heile Sogn og Fjordane. I førstninga av 1980-åra gjekk eldsjeler saman og skipa eit andelslag som kjøpte M/S Atløy attende frå private eigarar for å restaurere båten. Om du ser nokon ombord er det berre å helse på dei og du vert gjerne invitert om bord. For meir informasjon om båten og deira aktiviteter kan du sjekke ut heimesida deira, atloy.no.

Båten vil gå frå Kolkaia i Florø
© Visit FjordKysten
10

Loyal

Av og til vil du og sjå galeasen Loyal her om den ikkje er på tur eller ligg i heimebrygga bortanfor Amfi. Loyal vart bygd som galeas i Rosendal i Hardanger i 1877 av Knut Johannessen Nes, eller «Gjøa-Knuten» som han vart kalla på folkemunne. Dette er same mann som gjorde Hardangerjakten verdenskjent fordi han bygde GJØA som Roald Amundsen nytta gjennom nordvestpassasjen. Loyal vart bygd for å frakte inntil 900 tønner med sild og var berekna å kunne segle på dei store hav.

Båtane Atløy og Loyal ved Kolkaia
© Laila Anita Schønhardt
11

Svanhild

Svanhild vart bygd som Hardanger-jakt i Stangvik på Nordmøre i 1889. Skuta gjekk i fraktefart, hovedsakleg med fisk og salt mellom Kristiansund og Lofoten. Som jakt hadde Svanhild ei mast og eit mannskap på 6 personar. Om lag ca 1925 vart Svanhild rigga om til galeas, dvs den fekk to master. Då vart segla mindre og lettare å jobbe med og ein kunne no segle båten med fem personar. Svanhild var tre år på jordomsegning på 1980-talet.

12

Strandgata 33 - Sundalshuset

Tilbake i Strandgata finn du Sundalshuset som vart bygd av lensmann Jens Landmark i 1861. Det har i dette bygget vore mykje forskjellig aktivitet, mellom anna spiseforretning i kjellaren og rom til leige oppe i bygget. Etter krigen vart det drive daglegvareforretning fram til 1980, og i underetasjen hadde Sigurd Solberg radioverkstad frå midten av 1950-talet. Bistro to kokker etablerte seg her etterkvart og held det fortsatt gående med restaurant i hovedetasjen. Dei serverer god norsk tradisjonskost.

eit gammelt bygg med bistro to kokker skilt
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
13

Strandgata 37

Dette huset vart bygd rett etter at Florø fekk status som by i 1860. Her har det vore ulike forretningar opp gjennom åra, men sidan 1971 har Garn og Brukskunst halde til her.

14

Strandgata 39 - Ørenhuset

Strandgata 39 er også eit av dei tidlege husa i byen, antageleg bygd før 1865. I huset var det lenge forretning i 1. etasje og den kjende Havikbotten kafe i kjellaren. Her har vore forretning med jernvarer, sport- og fiskeutstyr, og frå 1988 var det blomsterbutikk med utsal for gartneriet. No er det Hudpleiesalong i hovedetasjen og frisør i underetasjen. På austveggen kan du sjå Fiskarmannen, eit verk av gatekunstnaren Forglemmegei frå Bergen. Det vesle huset ved siden av er eit nyare påbygg og inneheld den populære kafeen Lille Marked.

15

Strandgata 44 - Nordalshuset

Huset står omtrent slik det var bygd i 1861. I 1893 vart det starta butikk i 1.etasje og dei leigde ut i etasjane over i tillegg til at huseigar med familie budde der. Dei hadde skjenkeløyve for øl og vin og det var omtykt å leige rom hos Nordal´s. Butikken vart avvikla i 1930-åra og i staden vart det innreia ein litt eksklusiv kafe under namnet "Røde Kro". Etter krigen vart huset jekka opp slik at det vart betre høgde i første etasje og Nordals Kafe vart starta. Det var etter den tida ein stor og moderne kafe og dei haldt det gåande fram til 1985. Etterkvart vart det butikkar i første etasje, mellom anna bokhandel og leikebutikk. No er det klesbutikk der. Resten av huset er nytta til bustad.

16

Strandgata 46 - Wefringhuset

Medan nabohuset står omlag som når det vart bygd for 160 år sidan, er det gamle Wefringhuset mykje ombygd og ikkje til å kjenne att. Her starta huseigar Hans Olsen Steen ølbryggeri og utstyret stod her like til 1930-talet. Då vart det skobutikk, samt skomakarverkstad. I tillegg var det ein liten kafe her med inngang rett frå gata. Seinare vart det skobutikk og dei siste åra har det vore blomster og interiørbutikk.

17

Haffenkaia/Fylkeskaia

I krysset Torggata/Strandgata tek du på nytt til venstre og går ned på Haffenkaia. Dette var havneterminalen før i tida. Kaia var i bruk frå 1879 og bygget med hamnekafeen var bygd 1880. No er dette eit aktivitetshus for ungdom.

18

Ankera frå Iohann Predtech

Gå opp igjen i gata og du vil då stå i krysset Strandgata/Torggata. Til venstre i krysset vil du sjå to store anker. Ankera kjem frå den russiske skonnerten IOHANN PREDTECH som forliste 4.november 1886 søraust av Litle Batalden, vest av Florø. Sparebanken Flora Bremanger i samarbeid med Florø Dykkarklubb frann i 1985 2 stk stokkanker på forlisstaden. Ankera vart heva og satt opp i samband med opninga av nybygget til Sparebanken. Sparebanken er no flytta men ankera ligg der. Skonnerten var på vei frå Hammerfest til St.Petersburg med fisk. Besetningen vart redda og kom inn til Florø.

To anker som ein gong vart henta opp frå sjøen frå ein båt som forliste. Foto
© Laila Anita Schønhardt
19

Fiskarguten

Gå igjen over på andre sida av gata der du finn Fiskarguten . Skulpturen er modellert av kunstprofessor Ludvig Eikaas medan sjølve smijerns-arbeidet er utført av kunstsmed Inger Tragethon. Dei to i tillegg til kulturdirektør Lidvin Osland avduka skulpturen på det femte sildebordet i 1996. Ein fiskargut må seiast å vere eit naturleg motiv i fiskebyen.

Fiskarguten, eit monument i stål. Står på ein haug med runde små steinar. Foto
© Laila Anita Schønhardt
20

Passasjeren

Rett ved Fiskarguten sit passasjeren. Passasjeren er ein av dei mest populære skulpturane i landet. Den er laga av Solveyg Schafferer (f.1928).

Statua Passasjeren. Ei dame som sit på bussen.  Foto
© Laila Anita Schønhardt
21

Husmannskona

På vestsida av Florø Kulturhus står Husmannskona. Husmannskona vart kjøpt av tidlegare Flora kommune og er laga av Skule Waksvik (1927 – 2018). Han er mest kjent og elska for sine skulpturar av dyr og grupper av dyr. Han lagar også figurframstillingar, særleg med kvinner som tema. Waksvik var tilhengar av forenkla naturalisme der det ikkje er naudsynt å etterlikne naturen til punkt og prikke så lenge det fungerar som skulptur.

Ein statue av ei mor som har ein unge på arma og ein på slep. Ho har og ein baby i magen. Foto
© Laila Anita Schønhardt
22

Global

Gå forbi brannstasjonen og til høgre. Der finn du skulpturen Global, laga av Geir S. Hjetland (f. 1955). Han arbeider med skulptur i ulike materialar og søkjer løysingar i grenselandet mellom det mekaniske og det organiske. Global er laga av gammalt hardangerbestikk og visualiserer begrepet global.

Monument, Global, ein stor runding i metall. Foto
© Laila Anita Schønhardt
23

Fuglen, blomsten og båten

Gå vidare opp bakken til Florø kulturhus, der finn du skulpturen «Fuglen, blomsten og båten». Det er flukt over skulpturen som står plassert utanfor kulturhuset. Vengjene stekkjer seg mot himmelen og båtskroget gir inntrykk av fart. Når skulpturen i tillegg er retta austover, er det kanskje ikkje så rart at spøkefuglar i Florø har gitt den namnet «Flukta til Førde». Namnet hadde si årsak i den sterke rivaliseringa mellom Florø og Førde i 70- og 80-åra. Kunstverket var avduka i samband med opninga av Flora samfunnshus (som det heitte då) 20.januar 1979. Kunstnaren er bilethoggar Steinar Christensen frå Kristiansund og det er laga av stål.

Eit monument som står utanfor kulturhuset. Det er ein høg stein der det står ein fugl oppå. Foto
© Laila Anita Schønhardt
24

Florø kulturhus

Florø kulturhus vart bygd i 1979 der tunet på Florø gard låg tidlegare. Det kom mange protestar då dei tradisjonsrike husa på garden måtte rivast for å bygge eit kulturhus. Men byen trengte ei storstove så det vog tyngst. Florø kulturhus inneheld kino, bibliotek og festsalar i hovedetasjen, og tenestetorg og brannstasjon i underetasjen. Kryss gata og gå opp stien ved Sunnfjord Medisinske Senter.

25

Sunnfjord Medisinske Senter

Det opprinnelege bygget vart bygd i 1950 som bilforretning, verkstadhall og beninstasjon. I år 2000 vart det ombygd og påbygd til Sunnfjord Medisinske Senter, der du finn ulike aktørar. Dei viktigaste elementa frå 1950-talet som arkitekturstilen, betongkonstruksjonen og pumpetaket blei tekne vare på.

26

Kronhjort som brøler

Ovanfor drosjesentralen ser du «Kronhjort som brøler» i bronse. Den er laga av Skule Waksvik og vart innkjøpt etter pengeinnsamlingsaksjon leia av Lilleba Nybø.

skulptur av ein hjort som brøler
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
27

Florø barneskole

På andre sida av gata for Sunnfjord Medisinke Senter ligg Florø barneskule som er eit av monumentalbygga i Florø. Skulen vart bygd i dei vanskelege 1930-åra, og kosta på den tida rundt ein halv million. Dette var eit stort løft for den fattige byen den gong. No er det rundt 560 elevar på skulen som er ein av tre barneskular i byen. Denne gata heitte Skolegata tidligare då det var fleire skular her. Det var opprinnelig skule der sjukehuset vart bygd, men då det brann vart den nye skulen bygd der den står i dag. Det kvite huset som står imellom skulen og sjukehuset blir kalla Malkeneshuset og var og i si tid skule. På hjørnet på skulen heng ein plakat med informasjon frå krigens dagar.

Florø Barneskule. Ei 4-etasjes bygning med maange vindauge. Foto
© Laila Anita Schønhardt
28

Klatreparken

Nord for skulen ligg klatreparken som vart opna i 2016. Bakgrunnen for oppføringa av klatreparken kjem frå prosjektet «folk i sentrum» der det vart bestemt at det skulle etablerast ein klatrepark i byparken. Klatreparken er open for alle og er eit gratistilbod. Gå deretter inn i Claus Findegate mellom skulen og sykkelparkeringa.

Klatrepark med mange ulike klatrestativ. Du kan og spele sjakk og petanque. Foto
© Laila Anita Schønhardt
29

Kinn Prestegard

Prestegarden har ligge her sidan 1755, men huset som står i dag er bygd i 1900. Garden ligg fint til på nordsida av Storevatnet. No har prestane flytta ut og garden er i kommunens eige. Du ser garden best når du kjem bort det gamle kommunehuset, punkt 31 på vandringa.

30

Troll - vil du sove i armane våre

No går du inn på gangveien og om litt kjem du til skulpturen «Troll – vil du sove i armane våre» . Skulpturen vart gitt til sjukehuset i høve påbygginga i 1982. Det er kunstnaren Elisabeth Steen som har laga skulpturen og den vart avduka av oversjukepleiar Helge Kristiansen. Sjukehuset er no nedlagt og blir rive. Dette vil vere eit byggeområde framover.

Statuer - 3 damer som roper, og en katt som smyger seg langs foten på den ene damen. Foto
© Laila Anita Schønhardt
31

Storevatnet

Gå inn på Kinnvegen og ta til venstre, gå ned til Storevatnet. Her er det fin sti langs vatnet og om du ynskjer ein litt lenger tur kan du fortsette på sørsida av vatnet. Det er ikkje sti på nordsida av vatnet. Når du kjem bort på sørsida av vatnet går du opp igjen på Kinnvegen og kryssar den. Her ligg omsorgssenteret og kulturskulen fint til mellom Storevatnet og Litlevatnet.

Gjess og ender kosar seg i strandkanten på Storevatnet. Foto
© Laila Anita Schønhardt
32

Det gamle kommunehuset

Når du kjem over vegen ligg det gamle kommunehuset for Kinn Kommune på venstre side. Du er no utanfor den opprinnelige bygrensa. Huset var bygd i 1897 som Kinn Heradshus. Her låg også Kinns Sparebank heilt fram til 1953 og det var skule til seint på 1950-talet.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
33

Den gamle bygrensa

I 1860 var det ei heilt anna bygrense enn det som er i dag. Det er no sett opp plansjar på fleire stadar langs den gamle grensa. Her i krysset står eit av skilta.

eit skilt med informasjon om bygrensa i florø. i bakgrunnen er det gangsti til eit vatn
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
34

Litlevatnet

Her er det grussti rundt vatnet så du kan ta ei ekstra sløyfe her. Er det ein kald vinter og vatnet frys til is er det populært å stå på skøyter på vatnet. Om du ikkje ynskjer å gå den ekstra sløyfa så går du bort til paviljongen som er neste punkt.

Lisjevatnet. Mykje skog på eine sida av vatnet. Lengst vekke i bildet ser vi ungdomskulen. Foto
© Laila Anita Schønhardt
35

Paviljongen

Langs vatnet på nordsida finn du Paviljongen. Den vart bygd av koret Jomentum i 2010 som ei gåve til byen. Snu og gå litt tilbake til stien som går opp til venstre.

paviljong og skog rundt. du ser også eit vatn
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
36

Litleåsen

Det er laga god, men bratt sti opp på Litleåsen. Der finn du den gamle vasstanken, som er gjort om til konsertlokale og utsiktspunkt. Du kan her gå over ryggen og ned på andre sida på god sti. På den vestlegaste kanten er det utsiktspunkt med benk å sitte på.

37

Den gamle bygrensa

Gå stien til du kjem til vegen igjen, Michael Sars gate. Når du kjem ned i Michael Sars gate står det og eit skilt om den gamle bygrensa. Kryss gata og gå over til kyrkjeparken.

bilde av eit skilt med informasjon om bygrensa i florø
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
38

Florø kyrkje

Florø kyrkje er ei langkyrkje frå 1882. Kyrkja er reist etter teikningar av Jacob Wilhelm Nordan. Bygget er av tre og det er plass til 500.

Kirke i Florø
© Visit FjordKysten
39

Eric

I kyrkjeparken finn du ein ny skulptur «Eric». Den vart avduka 8.mai 2020, på frigjeringsdagen, 75 år etter at krigen tok slutt. SIS-agentane Dagfinn Ulriksen og Atle Svardal var dei to første agentane som vart sett i land på kysten av Norge. SIS, Special Intelligence Service, var eIn britisk etterretningsorganisasjon under andre verdenskrig. Agentane var avhengig av hjelp frå motstandsfolk og ei av dei som risikerte livet sitt for dette arbeidet var Sigrun Solberg. Flora Historielag og Florø Krigshistorielag ønskjer med statuegruppa Eric å bidra til at folket på kysten og dei som kjem på besøk hit skal få meir informasjon om dei hemmelege soldatane og hjelparane deira. Meir informasjon om dette finn du på nettsida kystagentane.no. Det står og ein minnestein med informasjon om desse tre. Nord for statua er det ein port i steinmuren, gå gjennom den, rett fram og ned bakken til Markegata. Ta til venstre i Markegata og følg gata til Fugleskjærsgata og ta første veg inn til høgre, Strandgata.

40

Strandgata 8 - Kjærhuset

Dette er det første huset på sørsida av Strandgata når du går frå vest. Huset skal ha vore flytta frå Ausevika og satt opp her i 1891. Det vart mellom anna drive eit pensjonat her. I dag er det privat bustad.

41

Strandgata 7

Dette er eit av dei verkeleg gamle husa i byen. Det tilhøyrde Henrik Hellesen som var linjemontør i Telegrafverket og budde i Stavang. I 1872 reiv han bustadhuset og flytta det med seg til denne tomta. Dette har heile tida vore bustadhus, bortsett frå tilbygget mot vest der det har vore forretning, deriblant restaurant.

42

Strandgata 12 - Fargeklatten

Huset er bygd på slutten av 1880-talet. Her var det smie fram til 1970. Etter dette tok Aslaug og Gunnar Fredheim over og renoverte huset med bustad oppe og forretningslokale under, med namnet Fargeklatten. Det vart mykje oppstyr etter at målinga vart stogga av bygningssjefen. Til og med eit tysk tv-team var i byen for å filme det spesielle huset. Huset er fortsatt ein fargeklatt men forretninga i første etasje er stengd.

43

Strandgata 16 - Hatlemhuset

Dette bygget vart reist i 1881. Her låg Salomonsens Hotel, dreve av Tomasine Salomonsen fram til ho døydde i 1913. Det var også overnattingsstad seinare, mellomanna heitte det i 1930-åra Hospitset Hotel. Det vart då drive som eit anneks til Victoria Hotel. Under kringen vart hotellet rekvirert for den tyske overkommandoen i byen. Etter krigen vart det på nytt drive som hotell. På slutten av 1940-talet vart det starta mote- og manufakturforretning i bygget. Det var også ei stund restaurant i første etasje. Huset er no omgjort til utleigehusvære.

gul bygning som ligg i enden av ein gate. kirka på toppen av gata
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
44

Strandgata 13 - Maria Nic huset

Huset vart bygd av Ole Olsen i 1868 og påbygd med ein etasje av sønene Nicolay og Elias i ca 1900. På folkemunne kjem namnet frå enka etter Nicolay. Huset har hatt forretning i kjellaren, tannlegekontor og bustader elles. I februar 2021 brann huset og har i åra etterpå blitt renovert. No kjem du til kyrkjegata, det er iallefall det den blir kalla på folkemunne. På kartet står det Strandgata. Dette er gata der folk kom roande inn for så å gå opp til kyrkja, så det er logisk at den heiter Kyrkjebakken, men du vil altså ikkje finne den om du legg den inn på gps`n i bilen din.

eit hus som står i ein gate. det er julelys i gaten
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
45

Strandgata 18 - Apoteket

Som namnet tilseier så var det apotek her frå 1889 til 1959. Her har etter dette vore røyrleggarfirma, parfymeri og båtutstyrsbutikk. No er det frisørsalong i første etasje og bustadar i andre etasje.

46

Strandgata 15 - Gjertsenbua

Her stod det tidlegare bustadhus med ei sjøbu nedanfor. Bua stod på kar og tidvis gjekk sjøen like oppunder bustadhuset. Dagens bygg slik det står frå Strandgata og heilt ned til sjøen vart bygd kring 1980. Dette er no ein del av Horne Brygge.

47

Strandgata 17 - Horne Brygge

Strandgata 17 har namnet sitt etter den kjende fotografen Malvin Horne (1904 - 62) som dreiv forretning her frå 1940 til han døydde. Huset vart bygd kring 1869 då Mikkel Totland kjøpte tomta. Malvin Horne kjøpte eigedomen kring 1950. Eigedomen bestod då av hus og sjøbu. Bygget er no restaurert og fekk i 2013 byggeskikksprisen i kommunen. Bygget har bank i første etasje og diverse kontor oppover i bygget. På veggen ved Horne Brygge heng det ei minnetavle etter 17.mai-feiringa i 1945.

48

Sildeguten

Gå til venstre ved Horne Brygge, ned mot Quality Hotel Florø, der står Sildeguten. Den var ei gåve frå utflyttarane i samband med byjubileet i 2010. Den er laga av Nina Nesje (f. 1963). Florø er tufta på sild og Sildeguten står med ryggen til hamna der båtane låg tett i tett under det fantastiske sildefisket på 50-talet. Då var sildeslang ein fast skikk. Gutane fekk springe ombord og hente sild på ein streng som dei tok med seg heim, eller solgte vidare til dei som røyka silda. Gå langs kaia austover rundt Horne Brygge. Dette er første parti av den Blå promenaden som etterkvart skal gå heile vegen bort til Amfi.

49

Sildestimen

Aust for Horne Brygge står skulpturen sildestimen. Den er laga av Hjalmar Lothe og vart avduka under sildebordet i 2013. Silda blir kalla havets sølv. Og når silda kom ein gong i januar/februar kasta mennene alt dei hadde i hendene og forta seg ut på fjorden for å få silda ombord i båtane sine. På dei beste dagane låg båtane tett i tett i fjorden og var så tungt lasta at dei berre såvidt var flytande. Då var det om å gjere å forte seg inn til Florø å få lasta av slik at ein kunne ut og fiske meir. På veggen ved skulpturen heng det ein informasjonsplakat. Gå opp igjen til Strandgata.

ein statue med fisker som svømmer i en strim.
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
50

Strandgata 20 - Lammethunhuset

Her står to gamle og særprega hus som er på- og/eller ombygde fleire gonger. Rett over gata låg ei sjøbu som ein tysk marinebåt køyrde inn i under eit åtak, og då drog med seg sjøbua då han bakka ut att. Første etasje har vore nytta til butikklokale, både til møblar og klesforretning. No er det sportsbutikk der. Andre etasje har heile tida vore nytta til bustad.

51

Strandgata 22 - Bataldenhuset

Huset har byggeår 1872 og var opphaveleg på halvanna etasje. Det er påbygd både i høgda og lengda. I første etasje har det vore utleigd til ulike forretningsdrift. Her har vore Dagfinn Hjertenes Vulkanisering, frisør, rammeforretning og klesforretning. I dag er det sportsbutikk her. Resten av huset er bustadar.

52

Strandgata 24 - Hopenhuset

Huset som står på denne adressa i dag vart bygd i 1984, etter at det opprinnelege huset vart rive, men det er ein tru kopi av det gamle Hopen-huset. Det gamle huset var bygd i 1866 og her var det pensjonat, kafe og traktørstad. På søndagane serverte dei eit glas vin til middagen på huset si rekning. Det var rekna som fint å ete middag her hos Madam Hopen. Denne vart drive fram mot 1930-talet og det var eit sterkt ønske om å ta vare på dette halvanna etasjes trehuset med saltak, krumme teglsteinspanner og ei solid steintrapp på framsida. Men etterkvart var det så forfallet at det ikkje var noko anna løysing enn å rive det og bygge nytt. I første etasje har det vore forretningslokaler og no er andre etasje innreidd til bustad.

53

Strandgata 26 - Langøhuset

Dette var opprinnelig to hus som no er samanbygde. Vestre delen var bygd av skomakar Karsten Madsen i 1887. Husa vart bygd saman i 1907. Her vart det etablert assosiert handel med både jernvarer og kolonivarer. Det har vore forretningslokale i første etasje og det siste som var drive der var husfliden. No er det eit arkitektfirma som held til her. Andre etasje er bustad.

54

Florevika Gjestebrygge

På andre sida av Strandgata her låg det tidlegare fleire sjøbuer, mellom anna Kakebua som veldig mange har eit forhold til. Desse bygga er no rive og det er planlagd nytt bygg. Førebels er det god utsikt til gjestebrygga.

55

Strandgata 28 - Hjørnevikhuset

Strandgata 23 og 28 høyrer naturleg saman. Butikken/bustadhuset låg i Strandgata 28 på sørsida og bua mot sjøen er nr. 23. Strandgata 28 vart bygd av Helje Heljeson Hjørnevik i 1861. Han kom frå Evanger ved Voss midt på 1850-talet og la grunnlaget for den eldste handelsslekta i byen. I Strandgata 28 ligg no Vesle Kinn og dei har eit lite bryggeri bak i lokalet der dei brygger Kinn-ølet. Her kan du gjennom sommaren få deg ei omvisning.

56

Strandgata 23 - Hjørnevikbua

Strandgata 23 vart bygd i 1870 som sjøhus for firmaet H. Hjørnevik. I dag er det pub i første etasje, og restaurant i 2. etasje. På sjøsida av bua ligg ein spesiallaga flåte som blir brukt til servering. Takk for at du vart med på turen! Om du vil sjekke ut meir om byen eller gå ein annan tur kan du no ta turen innom Turistinformasjonen der dei kan gje deg tips om kva du kan finne på i byen.