Hopp til hovedinnhold
© Visit FjordKysten
Dagsturar i Florø

Sykkeltur til Reksta frå Florø

Ta turen til den innholdsrike øya Reksta vest i havet. Ta med eigen sykkel eller du kan leige sykkel på turistinformasjonen i byen før du reiser ut. Båtane går frå Fugleskjærskaia.

Florø

Litt aktiv

6 timer

1

Rutebåt frå Florø til Rognaldsvåg på Reksta

Ta den lokale rutebåten som går frå Fugleskjærskaia i Florø og ut til Rognaldsvåg på øya Reksta.

© Visit FjordKysten
2

Start frå Rognaldsvåg

Båten legg til i Rognaldsvåg og på kaia finn du nærbutikken der det er fint å proviantere litt for turen. Start turen med å sykle til venstre frå butikken, austover. Du syklar forbi bedehuset og skulen som ligg på høgre hand. Skulen vart bygd i 1972 og påbygd 1992, men vart nedlagt i 2008 og ungane må no ta båt til skulen i Florø kvar dag. Skulen blir nytta til grendahus og der finn du bubilparkering.

3

Trollhola på Reksta

Vidare syklar du forbi gravplassen på veg austover. Når du kjem så langt at du svingar til høgre startar du på ei lita stigning over skaret til Indre Reksta. På toppen kan du sette frå deg sykkelen og gå innover til Trollhola. Dette er ei spanande hole som går 50 meter innover i fjellet. For å komme til den inste delen må ein klatre opp på eit platå og ned igjen forbi eit overheng. Der må du ha med deg tau og lykt. Du kan og gå rundt Storefjellet, dette er ein fin tur på sti. Eller du kan gå til Selvågen lengst aust på øya og så gå over Storefjellet for å komme tilbake til sykkelen.

4

Gamle skulen på Reksta

Frå sykkelen oppe i skaret syklar du ned til Indre Reksta og syklar vegen til endes. Når du kjem til endes på asfalten ser du den gamle skulen på Reksta. Den vart bygd i 1922 og var i bruk fram til den nye skulen i Rognaldsvåg stod klar i 1972. No er det bygda som eig bygget og det blir brukt til basarar, juletrefestar m.m. No er den også omgjort til overnatting. Om du har ein lett sykkel kan du nok komme deg vidare på sørsida men det er 500 meter på ulendt sti før du er på Ytre Reksta. Det beste er å sykle tilbake samme vegen du kom.

5

Vakre kystopplevingar

Sykle tilbake til det andre krysset. Krysset er ikkje merka, men vegen går til venstre over skaret til Ytre Reksta. Ta gjerne fleire stopp og nyt naturen kring deg. Her er det også mogleg å ta ein topptur til Vasslifjellet om du ynskjer noko meir enn sykling. Her har du to alternativ: du kan sykle tilbake der du kom ifrå eller du kan prøve deg på stien som går ut til Rognaldsvåg. Her er det litt meir framkommelig enn på Indre Reksta, men du kan ikkje sykle heile vegen. Viss du tek med deg sykkelen på stien kjem du rett i Rognaldsvågen. Når du kjem ned til bebyggelsen anbefalar vi deg å sykle over brua ut på Rognsøya, mange flotte gamle sjøbuer og gamle hus. Ut til Korsneset på andre sida av vågen er også ein fin tur.