Hopp til hovedinnhold
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Dagsturar i Hyllestad

Fjelltur til Lihesten frå Hyllestad

Dette landemerke og samlande symbolet for Hyllestad er eit fantastisk turområde for deg som ønskjer å utfordre deg sjølv. Det er mogleg å gå mange turar og bruke mykje tid i dette særmerkte fjellmassivet. Under finn du turskildring på fjelltur opp Risnesnipa, Gygrekjeften og til 3L-stølane.

Hyllestad

Veldig aktiv

6 timer

1

Å reise frå Hyllestad sentrum til Lihesten

Fjellturane opp Lihesten ligg ved Lifjorden i Hyllestad kommune. Hyllestad er både kommunenamn og stadnamn for kvar kommunesenteret i kommunen er. Turen er med utgangspunkt i kommunesenteret Hyllestad, mot Lifjorden, om lag 10 kilometer. Når du kjem til Lifjorden har du fleire moglegheiter for parkering, avhengig av kva tur du ønskjer å gå. Her kan du gå opp til Risnesnipa frå Hovlandstien, eller Gygrekjeften frå Lekva.

© Lillian Herland
2

Fjelltur til Risnesnipa frå Hovlandstien

Om du ønskjer å vandre opp til Risnesnipa frå Hovlandstien køyrer du litt forbi der turstien startar for å parkere i svingen på venstre side under eit tre. Her finn du ein raud hytte nede ved sjøen. Gå litt tilbake til du ser eit skilt merka Risnesnipa. Stien er flott med variert terreng. Du vil gå gjennom skogen i første partiet, før du kjem opp til eit meir ope terreng med storslått utsikt over Lifjorden. Stien kan vere nokså bratt første del, men når du har komt deg opp på ryggen av Lihesten går turen på fjell til toppen. Her anbefala vi å bruke god tid opp fjellet. Både for å nyte utsikta, ein god matpakke og drikke rikeleg med vatn.

3

Fjelltur til Gygrekjeften

Rett før du køyrer ned til Lifjorden er det skilta avkøyring til parkeringsplassen ved Lekva. Stien går gjennom noko utmarksgrinder og slyngar seg bratt opp gjennom den frodige skogen. Fylkesblomsten, revebjølla ser ein mykje av i oppstigninga viss ein går her sommarstid. Oppe i lia kjem ein til eit stikryss. Her står det åtvaringar om den bratte stien som ventar på Nipestien, snarvegen til toppen. For å ta denne vegen opp, tek ein av til høgre, og ein møter fjellveggen ved 500 moh. Her går det bratt opp fjellsida, men Nipestien er lagd på den beste staden. Det er nokre bratte opptak, difor er her hengt ut tau. Det første opptaket er om lag 4 km, og vidare er her litt tau til hjelp i dei bratte partia. Ein stad er det til og med lagd ei slyngje i tauet, slik at ein kan kunne stige opp og, ved hjelp av tau lengre oppe, klare å heise seg opp. Ein skal passe litt på når det blir slutt på tauet, slik at ein vel den rette vegen opp, for at det ikkje skal bli for bratt. I alt 100 høgdemeter med klyving, så er ein oppe på Lihestplatået. Ein må sjølv vurdere om tauet som heng der ser ut til å vere i orden og ikkje har fått skader. Oppe på platået er det godt merkt med vardar og raud farge opp til toppen, Gygrekjeften. Her skal trollkvinna, gygra, halde til.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
4

3L-stølane på toppen av Lihesten

På toppen av både Risnesnipa og Gygrekjeften kan du gå inn på fjellet mot 3L-stølane. Namnet har dei i frå dei tre gardane dei tilhøyrar, som alle tek il med bokstaven L: Lekva, Lundeland og Lireid. Trass mykje bert fjell, er det næringsrikt gras innimellom og innbydande små vatn å bade i. Frå platået går ein ned Lundelandsstien. Denne stien var bufarveg, han er bygd opp og går i fine svingar i den bratte sida. Stien følgjer nedunder fjellveggen og austover til han møter stien frå Lekva.

© Lillian Herland