Måløy Kystrutekai og cruiseterminal
Turen startar ved Måløy kystrutekai, der både Havila Kystruten, Hurtigruta og cruiseskip legg til kai. Herifrå går du rett opp til to av dei finaste utsiktspunkta i området. Vegen er merka.
Gottebergshammaren
Gottebergshammeren ligg på nordsida av Måløy og er eit flott og lett tilgjengeleg utsiktspunkt, perfekt for eit kort fotostopp. Her får du panoramautsikt over by og havn. Det er tilkomst med bil heilt fram, og berre eit kort stykke å gå på grusveg. Her finn du også ein liten leikeplass, som gjer staden ideell for barnefamiliar som vil ha ein roleg pause med utsikt. Gottebergshammeren var del av kystforsvaret under krigen, og her ligg restar etter ein tysk bunkers frå andre verdskrigenog - eit glimt inn i historia frå ei dramatisk tid. Frå Gottebergshammaren kan du krysse byen og bevege deg vidare oppover gatene mot Måløy stadion.
Ellingskarshornet
Ellingskarshornet ligg sør i Måløy, like ved Måløy stadion. Her får du eit luftig blikk over byen, hamna og innover Nordfjorden – eit roleg og lett tilgjengeleg utsiktspunkt, godt egna for ein kort pause. Staden er tilknytt den tilrettelagde trimløypa som går rundt stadion og Skramsvatnet, eit populært turområde blant lokalbefolkninga. Benytt gjerne anledninga til å ta ein rundtur i løypa – langs skogssti og grusveg, med fuglesang og stille vatn. Parkering finn du ved Måløy stadion, berre eit par minutt frå utsikten.
Trimløypa i Måløy
Frå Ellingskarshornet kan du ta ein ekstra runde i den merka trimløypa som startar ved Måløy stadion, der det også er parkering. Løypene passar godt for både små og store – du kan gå med barnevogn heile vegen. Vel mellom den korte runden rundt stadion, eller utvid turen vidare rundt Skramsvatnet. Begge løypene går på grus i lett kupert terreng, og gir eit fint avbrekk i grøn og stille ramme. Her er det pausebenkar, fuglesong og utsikt mot vatnet – eit populært nærturområde for både mosjon og rolege rusleturar.
Måløy sentrum
Frå stadion er det kort veg tilbake til Måløy sentrum, enten du tek bilen eller held fram til fots – ein fin avslutning på ein variert turdag i nærområdet.