Hopp til hovedinnhold
© Visit FjordKysten
Dagsturar i Solund

Fjelltur til Pollatinden

Gå opp Pollatinden, den nest høgste toppen i Solund. Her får du fantastisk utsikt over dei vestlegaste øyane i Norge

Solund

Veldig aktiv

4 timer

1

Fjelltur til Pollatinden frå Hardbakke

Frå Hardbakke kan du enten sykle eller køyre bil til startpunktet for Pollatinden. Det er om lag 5 kilometer frå Hardbakke Senter til startpunktet. Om du ønskjer å nytte deg av kollektiv transport kan du ta bussen som går frå Hardbakke klokka 09.00 om morningen. Du vil gå av bussen ved Pollevika. Bussen vil gå i retur klokka 10.45, eller ved å nytte seg av skulebussen i skulesesongen.

© Visit FjordKysten
2

Turen opp til Pollatinden

Turen startar frå vegen ved Pollevika. Her finn du eit skilt og raude merkar som tar deg opp til toppen. Turen er middels krevjande med bratt stigning på berg, og vil ta om lag 2-3 timar tur/retur.

3

På toppen av Pollatinden

På toppen av Pollatinden, 541 meter over havet får du ein fantastisk utsikt over det vestlegaste øyane i Norge. Her kan du sitte i timesvis på flotte dagar og nyte utsikta. Hugs å skriv deg inn i turboka.