Hopp til hovedinnhold
© Lillian Herland
Dagsturar i Solund

Frisbee i draumeparken på Hardbakke

Leig frisbee på BUA, eller ta med dine eigne diska og spel frisbee i draumeparken. Her finn du både 9- og bane og 22-håls bane.

Solund

Litt aktiv

3 timer

1

Frisbeegolf rundt idrettsbana på Hardbakke

Rundt det flotte idrettsanlegget på Hardbakke i Solund finn du ein 9-håls bane som passar fint for barnefamilie, vaksne og ungdomar. Bana består av utfordringar som tre, OB-linjar, bakkar, og stein. Dei siste hulla som er på bana er dei same som vert nytta på 22-håls bana.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
2

Frisbeegolf i draumeparken

I draumeparken på Hardbakke har Solund Sendebrettlaug satt opp ein 22-håls frisbeebana som har vekka stor nasjonal interesse. Her får du ei unik oppleving i spektakulær natur. Bana er både utfordrande og spennande. Du startar ved hull nummer 1 nede ved skiltinga til dagsturhytta og Ramnenipa rundt. Her finn du eit oversiktskart over bana, samt ein lost disk kasse om du skulle vere so uheldig å kaste vekk ein av dine favoritt diskar.