Hopp til hovedinnhold

«Tveitaslottet»

Dagsturhytta "Tveitaslottet" finn du på Fitjar.

Stien til hytta går frå Dalshaugane, som ein finn på austsida av Fv 545, mellom Årbø og Tveit. Her er det også gode parkeringsmoglegheiter.

Turen går på traktorveg i gjennom eit skogsområde, med stigning dei siste hundre metrene. Frå hytta får ein utsikt over Fitjar og heilt ut til havet. Her kan ein nyte flotte soloppganger og solnedganger. Turen er berekna til ca. 30. minutt.

«Utsletteslottet»

Dagsturhytta på Stord har fått navnet Utsletteslottet og ligg på Utslettefjellet 252 m.o.h.

Stien til Utsletteslottet startar ved kunstgrasbanane ved Nysæter idrettsplass. Ein kjem til idrettsplassen ved å køyre av E39 på Heiane inn på Sagsvågsvegen ca. 3,3 km og tar vidare inn på Fitjarvegen. Etter 500 meter er det skilta til høgre mot dagsturhytta.

Stien opp til hytta er ganske bratt med 200 høgdemeter på ca. 1,1 km gange, så hugs å ta ein pust i bakken og nyt utsikta. Etter kring 400 meter med stigning held ein høgre der det flatar ut og stien går over eit myrområde. Føl stien her i kring 600 meter før ein tek til venstre opp moderat stigning dei siste 300 metrane til hytta. Turen er berekna til å ta ca. 45 minutt.

«Miklastofa»

Dagsturhytta på Tysnes, Miklastof, ligg i det idylliske frisluftsområdet ved Kyrkjevatnet.

Hytta ligg i Kyrkjevatnet friluftsområde i Uggdal ved fylkesveg 49. Det er to skilta parkeringsplassar til hytta; ein ved Uggdalseidet og ein i enden av Heningen. Det er også høve til å parkere ved rådhuset i Uggdal.

Det er kun ein kort gåtur fra parkeringa til dagsturhytta uansett kva utgangspunkt du vel. Vegen frå parkeinga i Uggdalseidet er universelt utforma, men du kan og velge å gå frå Heningen og få ei meir kupert løype. Begge turane er under 1 km og er berekna gåtid på ca. 10 - 15. minuttar.

Det er også mogleg å ta runden rundt Kykjevatnet både til fots og på sykkel.

Miklastofa - Tysnes Kommune

«Nipaståvo»

Dagsturhytta Nipaståvo ligg ved stien frå Stølen i Auklandshamn mot Emberlandsnipen.

Stien går frå Stølen i lett terreng gjennom lauv- og furuskog. Lett stigning mot hytta på god sti. Hytta ligg på omtrent 170 m.o.h.

Turen er omlag 2,8 km og tar ca.45 minuttar gange.

Nipaståvo - Linn Therese Erve

«Kurebu»

Dagsturhytta Kurebu finn du på Bømlo og ligg i Goddo i turområdet mot Barmane. Ein når hytta ved å køyre på riksveg 5004 mot Kinnastraumen bru, lokalt kjent som Goddebrua. Like over brua tek ein til venstre og kjem til parkeringsmoglegheiter. Like ved parkeringa går det ein 2,6 km lang sti i kuppert terreng til hytta. Her går du i ope landkspa med flott utsikt til havet.

Turen er berekna til ca. 30 minutt.

Det er også mogeleg å kome til hytta med kajakk frå friluftsområdet Barmane. Herifrå ser ein hytta på eit høgdedrag mot aust.

Kurebu - Bømlo Kommune

"Fagnabu"

Dagsturhytta Fagnabu i Kvinnherad ligg flotte ved vatnet Nautavatnet.

For å finne vegen opp til hytta startar du med å ta av frå Rv 500 ved Omvikedalen bensinstasjon og følger skiltinga til Fjellahaugen Skisenter. Ved parkeringa ved skisenteret følger du grusvegen på venstre sida av elva omtrent 300 meter. Videre følger du "skiløypa" og etter den første kneika går du inn mot Fagnabotn.

Fagnabu og Nautavatnet er gode utgangspunkt til andre fine turar i Folgefonna Nasjonalpark. Du kan lese om dei her.

Fagnabu - Kristian Helgesen

«Adlesi»

Dagsturhytta på Austevoll finn du på toppen av Loddo. Adlesi vart namnet på hytta og uttrykke akurat det den er meint til, å vera ei hytte for alle.

Kjem du med ferja frå Huftahammar følger du Fv 546 til fyrste rundkjøring og tek til høgre inn på Fv5144. Følg vegen her til skilting mot parkeringsplassen i Åno. Stien startar frå parkeringsplassen.

Løypa til Adlesi delers seg etter ca. 1 km i tre moglege vegar videre.

Raud løype: tek du til venstre i krysset og følger den grusa vegen. Etter om lag 500 m fortsett du på bratt skogssti. 200 m frå toppen på Loddo tar du til venstre og går 100 m inn til dagsturhytta.

Orange løype: tek du til venstre i krysset og følger den grusa vegen om lag 200 m før du tar til venstre i bakken. Følg skogsstien fram til tretrappene mot toppen. 150 frå toppen tar du til høgre ned raud løype der du finn dagsturhytta på høgre side av stien.

Kvit løype: ta til høgre i krysset og følg kvit løype til Loddo. Frå toppen går du ned raud løype om lag 200 m og tar inn til høgre der hytta ligg.

Alle løypene har berekna ei gåtid på ca. 30 minuttar.

"Leiteshaugen" - Etne

Dagsturhytta i Etne ligg på Leiteshaugen i fjellområdet Rus . Leiteshaugen vil på nokon kart står som «Litle Urdahaugen» . Lokalt vil folk berre kalle det Leiteshaugen.

Ein fin turstien ved å køyre 1,5 km austover på E 134 frå Etne Sentrum og tek av til høgre før brua. Her følger ein vegen videre til Fossa og inn til høgre på privat fjellveg, Rusvegen. Etter ca. 4 km kjem ein til parkeringsplass, hugs å betale P-avgifta på 40 kr. på Vipps. Herfra er det skilta sti til dagsturhytta.

Det er grusveg nesten heile vegen opp til hytta utanom dei siste 150 metrene. Turen er på ca. 1,5 km og berekna til å ta ca. 20 minuttar gangtid.

Det vil etter kvart bli betre tilrettelagt for universell bruk.

Etne - Leiteshaugen -Barnas Turlag