Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Nyttig informasjon

Ferdast trygt i FjordKysten og Sunnfjord

Sommer, vinter, vår, haust
Sist oppdatert: 04.04.2025
tre personer går oppover en fjelltopp med ski på beina. dei har ryggsekk på. Foto
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Uansett om du ferdast i fjellet, på sjøen eller på ski, er det viktig å vere forberedt og ha nødvendig kunnskap om risiko og sikkerheit. Ved å følge reglane og råda frå pålitelige kjelder som Fjellvettreglane, Sjøvettreglane og sikkerheitstiltak for toppturar, kan du sikre deg sjølv og dine medreisande ein trygg og minnerik tur i dei vakre landskapa i Fjordkysten og Sunnfjord.

Fjordkysten og Sunnfjord tilbyr unike naturopplevingar, frå majestetiske fjelltoppar til vakre kystlandskap og idylliske fjordar. For å sikre at du får ein minneverdig og trygg oppleving, er det viktig å være føre var og ha kunnskap om grunnleggjande sikkerheitsreglar. Her får du informasjon om korleis du kan ferdast trygt i fjellet, på sjøen og på ski.

Førebu deg

  • Sjekk værmeldingen: Følg oppdaterte værmeldinger på yr.no.
  • Naturvarsling: Sjekk varsel om naturhendingar på Varsom.no.
  • Bølgevarsel: For bølger og vind, besøk BarentsWatch.
  • Værskifte: Vær forberedt på raskt værskifte, ta med ekstra klær og utstyr.
  • Spør lokale aktører: Lokale turoperatører tilbyr guida turar, og kan gi nyttige råd og oppdatert informasjon.

Ved å følge desse enkle råda kan du trygt utforske naturen i Fjordkysten og Sunnfjord.

Årstider og vær på Vestlandet

Ferdast trygt i fjellet

Fjella i Fjordkysten og Sunnfjord er både utfordrande og vakre, men dei kan også vere farlege dersom du ikkje er godt førebudd. Då kjem Fjellvettreglane til nytte – ni enkle, men viktige råd som hjelper deg å planleggje og gjennomføre turen på ein trygg måte.

Fjellvettreglane oppmodar blant anna om å:

  • Vurdere veret: Planlegg turen etter veret, og sjekk vêrmeldingar før du legg ut.
  • Ha riktig utstyr: Kle deg etter forholda og ta med nødvendig utstyr som kart, kompass og førstehjelpsutstyr.
  • Planlegg turen: Gi beskjed til nokon om kvar du går og når du planlegg å vere tilbake.

Ved å følgje desse råda, kan du sikre både din eigen tryggleik og bidra til at du får ei fantastisk oppleving i dei norske fjella.

Vær trygg i fjellet!
Pakkeliste til fjelltur - og alt annet du trenger å vite for å gå på tur på Vestlandet
Gradering av vandreturar

Ferdast trygt på ski

Skiaktivitetar i Fjordkysten og Sunnfjord, som randonee og toppturar, byr på ein fantastisk naturoppleving, men også på risiko. Sikkerheit på topptur er essensielt for å unngå ulykker og få mest mogleg ut av opphaldet ditt. Før du legg ut på tur, bør du sjekke følgjande:

  • Skredfare: Sjekk skredvarsel og værmeldingar før du legg ut. Sørg for at du har med nødvendig utstyr som skredsonde, spade og sender/mottakar.
  • Kunnskap om terrenget: Kunnskap om området og forståing av skredfare er viktig for å unngå farlege situasjonar.
  • Samarbeid: Gå på tur saman med andre, og ha ein plan i tilfelle noko skjer.

Ved å følge desse tryggleikstiltaka kan du nyte toppturen med ein tryggare oppleving.

Les meir om Sikkerheit på topptur her: Sikkerheit på topptur

Ferdast trygt på sjøen

Sjøen er eit flott element å utforske i Fjordkysten og Sunnfjord, men sjøen kan også vere farleg dersom ein ikkje følger grunnleggjande sikkerheitsreglar. Sjøvettreglane gir deg dei nødvendige råda for trygg ferdsel i båt, både på stille vatn og i meir utfordrande forhold.

Sjøvettreglane minner blant anna om å:

  • Bruke redningsvest: Sørg for at alle om bord har godkjent redningsutstyr.
  • Sjekk utstyret: Før du legg ut på sjøen, kontroller at båten er i god stand, og at du har alt nødvendig sikkerheitsutstyr.
  • Vær føre var: Uhell kan skje når du minst ventar det, så det er viktig å vere forberedt på det uventa.

I tillegg til sjøvettreglane, bør du også følge Badevettreglane når du ferdes nær vatn for å sikre deg og dei rundt deg.

Les Sjøvettreglane og Badevettreglane her: Sjøvettreglene og Badevettreglene

Når uhellet er ute

Sjølv med god førebuddheit kan uhell skje. Her er nokre viktige nødnummer du bør kjenne til når du er ute og reiser i Fjordkysten og Sunnfjord:

  • Politi: 112
  • Brannvesen: 110
  • Ambulanse: 113
  • Legevakt: 116 117

Related articles

Fjordløftet – hvordan være en god turist i Fjord Norge

Fjordløftet – hvordan være en god turist i Fjord Norge

Vi lover deg en uforglemmelig og skikkelig god reiseopplevelse i Fjord Norge, dersom du kan love oss et par små ting i retur:

Vær trygg i fjellet!

Vær trygg i fjellet!

Skal du på fjelltur er det lurt å ha med seg riktig utstyr - og å kunne fjellvettreglene! De gjelder nemlig ikke bare på påskefjellet.

Gradering av vandreturer

Gradering av vandreturer

Skal du på fjelltur? Grønne, blå, røde og svarte ruter indikerer turens vanskelighetsgrad.

Årstider og vær på Vestlandet

Årstider og vær på Vestlandet

Vi har laget en kort veiviser til årstidene, slik at du kan pakke kofferten med alt du trenger for å oppleve den vakre naturen, uansett når du besøker.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement