Hopp til hovedinnhold

Fjordcruise til Sognefjorden

Ynskjer du å oppleve eit fjordcruise på heile Sognefjorden? Då tilbyr Glaciertour og Norled daglege avgangar frå Bergen innover Sognefjorden. Glaciertour har guida dagsturar til Balestrand, Fjærland og Vik, medan Norled køyrer innom Lavik, Vik, Balestrand, Leikanger og Sogndal.

Fjordcruise til Sognefjorden

Sognefjord – og dei vakre fjordarmane

Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden vart innskrive på UNESCO si Verdsarvliste over kultur- og naturarv av eineståande og universelle verdi i 2005. Verdsarvverdiane i Nærøyfjordområdet er kort samanfatta: fjordlandskap med aktive geologiske prosessar, eit rikt dyre- og planteliv, eit vakkert naturlandskap frå fjord til fjell med brear, skog, fossar og frittrennande elvar og eit kulturlandskap som gir naturlandskapet perspektiv. 

Fjord Cruise UNESCO Nærøyfjord|© Sverre Hjørnevik

UNESCO Nærøyfjorden - smal og dramatisk

Den verdkjende Nærøyfjorden er den smalaste, villaste og mest dramatiske fjordarmen i verda. Fjella reiser seg bratt og høgt opp frå fjorden og skapar ei trolsk stemning. Blir du med ferja på Nærøyfjorden, Kaupanger til Gudvangen, og passasjerbåt frå Flåm/Aurland, får du oppleve noko av det mest spesielle landskapet Norge har å by på.

Fjord Cruise UNESCO Nærøyfjord

Fjordcruise frå Sogndal

Fjord Cruise Lusterfjorden

Lusterfjorden – inn mot Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen

Landskapet kring Lusterfjorden er svært malerisk, og mange store kunstnarar har lete seg inspirere av den spesielt vakre naturen her i enden av Sognefjorden. Lusterfjorden strekkjer seg heilt inn til foten av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen, og frå Skjolden i aust til Solund i vest, er Sognefjorden heile 204 km lang.

Fjord Cruise Lusterfjorden

Fjærlandsfjorden|© Vegard Aasen/VERI Media

Fjærlandsfjorden - inn mot Jostedalsbreen

Den smale og vakre Fjærlandsfjorden er omkransa av bratte, skogkledde lier og strekkjer seg heilt inn mot majestetiske Jostedalsbreen. Fjordvatnet her har ofte ein nydeleg, lysegrøn farge pga. Breelvane som renn ut i fjorden.

Fjord Cruise Finnafjorden|© Vegard Aasen/VERI Media

Finnafjorden – veglaus og eksotisk

Finnafjorden er den minste av fjordarmane, men kanskje også den mest spesielle. Nesten utilgjengeleg ligg fjorden der med berre eit smalt sund før den vidar seg ut innover mot Finnabotn. Her stuper fjella rett i fjorden.