Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Sport og utendørsaktiviteter

Hopp i havet

Heile året
Sist oppdatert: 28.02.2025
© TIBE
© TIBE

Bli kjend med Atlanterhavet, kysten og fjøra på eit adrenalinfylt og spanande vis. Coasteering er den perfekte familieaktiviteten, spesielt på dagar med litt vind og regn.

På Tueneset like utanfor Ålesund på Sunnmøre kan du no vere med Uteguiden på ein ny og morosam dag i vatnet. Aktiviteten «Coasteering» er eit relativt nytt produkt i portefølja av opplevingar hos aktivitetsselskapet Uteguiden.

Coasteering handlar om å oppleve havet, kysten og fjøra på ein ny måte. Vi sym, hoppar og dukkar oss gjennom dagen, samtidig som vi lærer mykje om livet i og under vatn, fortel guide Erle frå selskapet Uteguiden.

Utforsk havets krefter

Coasteering går føre seg like ved Tueneset, 10 minutt med bil frå Ålesund, rett ved akvariet Atlanterhavsparken.

Her tek vi ein tryggleiksgjennomgang før vi hoppar i havet og startar dagen. Ute ved Tueneset er det spanande formasjonar, og det skal gi oss tøffe opplevingar i havet. Den aller beste opplevinga får du gjerne når det er litt stygt ver.

Coasteering er den perfekte aktiviteten på dagar med regn og vind - noko Vestlandet har mykje av. I løpet av turen skal du ikkje berre få føle på adrenalin og spenning, men også lære om livet i havet rundt oss. Har du lyst å prøve coasteering? Book her >>

Coasteering i Ålesund

Coasteering i Ålesund

Coasteering er en fantastisk naturopplevelse i havet rett utanfor bysentrum i Ålesund. Det blir spenning og utfordringer undervegs, og du blir garantert våt!

Meir for deg som trivast i vatten

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra Sunnmøre - Ålesund & Geiranger.

Tafjord Friluftsbad

Tafjord Friluftsbad

Tafjord Friluftsbad ligg idyllisk plassert ved fjorden og tilbyr oppvarma symjebasseng

Union Bad & Spa i Geiranger

Union Bad & Spa i Geiranger

Union Bad & Spa er eit av Noregs beste spa. Her får du 1500 kvadratmeter med velvære kombinert med flott utsikt over Geirangerfjorden.

Uteguiden

Uteguiden AS er det leiande guideselskapet i Møre og Romsdal. Dei tilbyr eit breit spekter av opplevingar året rundt – alt frå skiturar og klatring til rafting, padling og sykkelturar. Guidane har sine hovudbasar i Ålesund, Valldal og Stranda.

Sjå alle familieattraksjonar på Sunnmøre - Ålesund & Geiranger
På vei til Trollkyrkja

På oppdagelsesferd i Møre og Romsdal

Tenker du på hva dere skal gjøre sammen med barna i høstferien, og står «rikelig med opplevelser» høyt på ønskelisten? Se til Møre og Romsdal – her kan barna la utforskertrangen få fritt spillerom med mye lek og læring.

Finn ut mer

Opplev Jugenstilbyen

Ålesund er blant dei vakraste hamnebyane i Europa. Ålesund byr på fantastiske lokale råvarer, kultur, attraksjonar og ein heilt unik arkitektur.

Nord-Europas mest unike akvarium og vitensenter

Nord-Europas mest unike akvarium og vitensenter

I utkanten av fiskerihovudstaden Ålesund finn du akvariet Atlanterhavsparken.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement