Hopp til hovedinnhold
Kråko og PS Bryggekafe © Jørn Olav Myhre

Kråko er kanskje vestlandets mest unike sjøhytteområde - med vestlandets største arkipelago rett utanfor hyttedørene, eit eldorado av øyar, den eine etter den andre, med innbydande viker, bortgøymde strender og rike høve for fiske og sjøliv. Rett bakanfor ligg fjella, med turstiar og vidt utsyn som lokkar, til fots eller på sykkel.

I Kråko finn de fritidsbustader i eit mangfald av hyttetypar og ulike kostnadsnivå. Her får du røynde utbyggjarar som nyttar solide, lokale firma. Reguleringsplanen gjev rom for 400 einingar, og omkring halvparten av desse er seld til no. Her er veg, vatn, kloakk og breiband av høgaste standard, slik at hyttene kan brukast slik moderne familiar ynskjer å leva: med glidande overgang mellom arbeid og fritid, og hytta som ein samlingsplass for heile familien, der de kan både bruka tid aleine til å samla energi, og treffa kjekke hyttenaboar på ein pubkveld på PS Bryggekafé.

Sjå heimesida til Kråko for informasjon om kva som er tilgjengelig av fritidsbustader, tomter, naust og båtplassar, og meir informasjon om Kråko Sjøhytteområde.

FASILITETAR

Infrastruktur
Kjøreveg til alle hytter
Vatn
Avlaup
Breiband

Aktivitetstilbod
Turområde
Badeplassar
Fiske
Gapahuk med grill
Sesongopen kafé
Gjestehamn

Mangfald
Tomter utan byggjeklausul
Planerte tomter
Strandhus
Rorbu
Fiskestove
Stolpehus
Fritidsbustad i funkisstil
Familiehytte
Naust