Hopp til hovedinnhold

Aktiv på sykkelferie kring Sognefjorden

Lat deg bli betatt, bergteken, fascinert og imponert. Det ubegripelege vakre landskapet kring Sognefjorden.

Det er som å sykle gjennom eit nasjonalromantisk maleri, du får meir energi jo meir du ser. Nærmare naturen er det vanskeleg å kome. Der og då, du og naturen.

På sykkeltur kring Sognefjorden får du oppleva noko av dei finaste sykkelrutene i Norge. Her får du nokre utplukka tips fra oss:

Fjord Cycling|© Vegard Aasen/VERI Media

Den Romantiske vegen, strekkjer seg om lag 3 mil frå Urnes til Skjolden langs sørsida av Lustrafjorden. Med fjorden på eine sida, og mastodonske fjellsider på andre. Fylkesvegen er lite trafikkert og høgdepunkta står i kø, ein kan stoppe mest kvar som helst, det bør ein. Nyt tida. Blomstrande frukttre og hagar, Feigefossen, Gamal kulturarv, Stavkyrkje, Sørheim. Du vil tru det er bygd opp for akkurat deg. For vakrare vert det ikkje.

Sykle på eigenhand eller all inclusive? Me anbefaler saman med Fjord Cycling. då går du ikkje glipp av noko. I Begge endar bur du godt, anten på Skjolden Hotel, eller på andre sida av Lustrafjorden, med kun ein sjarmerande ferjetur over til den gamle strandsitjarstaden Solvorn, Walaker Hotel.

Bu på unike BesteBakken. Her bur du på garden med beitande alpakkaer og ein fenomenal utsikt over Hafslo. Ta med eigen sykkel eller leig el-syklar hjå BesteBakken, sykkeltur langs Hafslovatnet eller ned til Solvorn og over til Urnes Stavkyrkje. Inn langs dramatiske Veitastrondsvatnet til bygda under breen, kanskje heilt inn til Tungestølen?

Fjord Cycling|© Vegard Aasen/VERI Media

Sykkel i Balestrand

Balestrand har alt. Dei fleste vegane går langs med Sognefjorden der høge fjell kneisar seg opp på begge sider. Her har folk budd og livnært seg på jordbruk sidan siste istid, og den dag i dag er det full gardsdrift mange stader. I Balestrand er det tid for å la blikk og tankar flyte. Balestrand Adventure tek deg med på tur, og leiger ut syklar. Kanskje du kan kombinere med ein tur til kongen av fjella i Balestrand, Keipen? Ein rundtur rundt Esebotnen og pause på Dragsvik Fjordhotel, eller kanskje motsett. Du bur på Dragsvik og syklar til Balestrand? Då kan du like godt ta ein dag ekstra og sykle inn til Vetlefjorden, sprekingar kan trø seg heilt opp til Utsiktspunktet på Gaularfjellet. Magisk.

Sykkel ned Flåmsdalen og Rallarvegen|© Sverre Hjørnevik

Rallarvegen er verdskjendt og unik. Ta Flåmsbana til Myrdal eller vidare til Haugastøl. Derifrå syklar du Rallarvegen til Flåm. Dei flotte Myrdalssvingane, geitene ved Rallarosa stølsysteri, og vakre fossefall. Bruk god tid ned Flåmsdalen.

Opplev Sogndal på el-sykkel. Det er enkelt når du kan leiga sykkel frå Lokel. Sykle der du vil, inn til Barsnes, ut til Ylvisåker, kanskje heilt ut til minnesteinen etter slaget ved Fimreite. Apropos Fimreite, syklar du frå Sogndal mot Kaupanger så kan du ta av å sykle vegen ut til Fimreite, den lite trafikkerte vegen er godt eigna for ein dagstur på sykkelsetet. Bonusen er å svinge ned om badestranda i Eide, kva er vel betre enn ei lita avkjøling etter nokre timar på sykkelsetet. Syklane ein leiger frå Lokel set du berre frå deg i Sogndal sentrum i ein av ladestasjonane eller i dei virtuelle parkeringssonene.

Vest i Sognefjorden finn du Lavik, dette gamle knutepunktet knyt vestlandet saman. Her kan du leiga sykkel hjå Lavik Fjord Hotell, og utforske fjordbygda.

Uansett kvar du reiser så anbefaler vi på det sterkaste.

Sykkel i Sogndal

Sykkeltur til 1000 - Årdal

Gamlevegen mellom Sletterust og Øvre Årdal er ein fin veg å sykla. Den svingar seg oppover til 1000 meter over havet. Vegen har ein tunnel som gjer at det kan løna seg å ha lykt på sykkelen. Vegen har panoramautsikt mot Hurrungane og god utsikt innover Utladalen, Øvre Årdal, Bøttejuvet og Årdalsvatnet. Ned frå høgste punktet går det rundt 40 svingar til grusvegen treff riksveg 53 nokre kilometer frå Øvre Årdal sentrum.

Sykkel til 1000 meteren i Årdal|© Falkeblikk AS

Sykkelutleige ved Sognefjorden

Om du ikkje har med eigen sykkel på ferie, så finst det fleire stader du kan leige syklar:

Sykkelutleige Balestrand
Sykkelutleige Flåm
Sykkelutleige Lavik
Sykkelutleige Skjolden
Sykkelutleige Sogndal
Sykkelutleige Solvorn