Hopp til hovedinnhold
Saunafjorden|© Falkeblikk AS

Tenk deg, eit byks ut i ein irrgrønn Sognefjord med temperatur på rett undr 10 grader, du kjenner at du lev.

To symjetak og du er på land, to meter og du er inne i varmen.

Den livgivande varmen som umiddelbart gjev deg energi, auka blodgjenomstrauming og følelsen av velvære.

Både ved og på Sognefjorden finn ein i dag fleire saunaer som veldig få kan konkurrere med.

Greit nok temperaturen er lik mange andre stader. Men det er heilheiten, totalpakken. Gjennom store glasfasadar er du i eit med landskapet, alle dei helsefremjande eigenskapane ein sauna gir vert endå betre når den psykiske delen også får si eiga oppreinsking.

Det er som eit kinderegg, alt i eit.

Saunafjorden

Luster Fjord Spa|© Håvard Nesbø

Viste du at...

Viste du at Sauna, eller badstove so me kallar det her ved Sognefjorden har fleire helsemessige fordelar.

Detox so dei kallar det i bydn, men auka metabolisme, vekttap, smertereduksjon, antialdring, forbetra kardiovaskulær funksjon, forbetra immunforsvar, stressmeistring og avslapning.

Viste du at Sognefjorden er balsam for sjela, du finn ein eigen ro når du er her, her finn du det unike fjordlyset og landskapet som gir avslapning, stressmeistring ein senkar blodtrykket, ein nullstillar tankar og sinn.

Ein ladar batteria, og forbetrar metabolismen med auka trivsel kortreist sunn og god mat.

Velkomen til saunafjorden.