Hopp til hovedinnhold

Det heile starta med at Tone Andal flytta heimatt til Måløy. Her ville ho skape liv og røre på dei då grå og triste veggane i byen.

Viss eg skal bu i Måløy ønskjer eg å ha noko kult her. Fordi eg lika å ha noko fint å sjå på. Eg er kunstinteressert og har mange venna som er det og.

Og slik blei det aller første motivet til. Ideen var å lage eit kystkulturprosjekt der forskjellige kunstnare skulle lage maleri som representera både kultur- og kystkulturhistoria til Måløy.

Fiskaren som du finn i sentrum representera fiskehistoria med både måsar og storm. Gullkjede er eit symbol på lukrativ næring i byen, samt bygdekorrupsjonen som har funne stad gjennom tiår. Litt seinare kom den fargerike krabben opp. Denne symboliserer mangfald, fridom og solidaritet.

Det er viktig at vi menneske tar vare på kvarandre. Tilbakemeldingane har vert strålande og folk er positiv og glad for kunsten som er kommen opp. Dette gav motivasjon til å kunne fortsette å finne veggar. Draumen er å kunne få opp 35 veggmåleriar.

GULLFISKAREN

Av Stepan Bares og Gaute Haugland

Gullfiskaren

I September 2017 malte Stepan og Gaute Måløys første veggmåleri. Måleriet er meint å representere det lukrative fiskarlivet, men og at det nok har foregått ein del "mafiaverksemd" i næringa i Måløy opp gjennom tidene. Måleriet blei ein stor suksess blant lokalbefolkningen, og viste at dette var noko dei ville ha meir av.

Måleriet finn du i Gate 1 nr. 26 ved butikken Bekka, like ved Måløy gjestehamn.

KRABBEN

Av M.U.M

Krabben

Allereie 1 månad etter at det første veggmåleriet blei oppført kom kunstnaren M.U.M til Måløy. Hans måleri er gjenkjennelig med sine livlege fargar og klare budskap om fred, kjærleik og respekt for naturen. Krabben har ein klo forma som ein chello og er farga i alle regnbogens fargar. Dette symboliserar at kjærleik er kjærleik, og at det er fritt for alle

Måleriet finn du i gate 1 nr. 55.

MAKRELLSTØRJE

Av Mikael Noguchi

Makrellstørje

I juni 2018 kom illustratøren Mikael Noguchi til Måløy og utførte tre jobbar. Det første måleriet er inspirert av gamle svart-kvitt fotografier av fiskarar i Måløy på 50-talet. Bilete visar tre fiskrar som poserar stolt foran ein makrellstørje. Dette er den største tunfiskarten, og blant dei raskaste av alle beinfiskar med ein fart opptil 66 km/t. 

Måleriet finn du på lekteren i Måløy, like ved der ekspressbåten frå Bergen legg til kai.

FISKEBÅT

Av Mikael Noguchi

Det andre måleriet Mikael malte i Måløy juni 2018 viser ein fiskebåt. Du finn dette ved siden av fiskarane og makrellstørja, og om du står på akkurat riktig stad ser det ut som at måleriet av fiskebåten og makrellstørja er malt på ein og same vegg.

MUSKELFISKAREN

Av Mikael Noguchi

Muskelfiskaren

DIRTY YELLOW

Av Proy

Dirty Yellow

Artisten Proy malte i juli 2018 Måløys første abstrakte veggmåleri. Eg ser eit speilegg, kva ser du?

Måleriet finn du mellom sjøgata og gate 1, på veggen der politiet har sin garasje.

PINUP

Av Eric Ness Christiansen

I August 2018 kom kunstnaren Eric til Måløy for å male i bygda Refvik. Han fekk frie tøyler på ein stor låvevegg, og resultatet ser du på bilete.

Ta turen til fantastiske Refvik ved Noregs flottaste badestrand og ta ein titt!

BÅL

Av TelmoMiel

Bål

Dette er det andre måleriet i Refvik, og er lokalisert på samfunnshuset ved inngongen til stranda. Basert på lokalhistorie frå bygda laga dei denne tolkningen. Absolutt verdt eit besøk!

STOR TORSK

Av TelmoMiel

Stor torsk

Kunstnarduoen TelmoMiel malte og dette måleriet då dei var på besøk i august 2018. Om du ser nærmare kan du sjå symbolar tilknytt Måløys lokalhistorie.

KYSTKVINNER

Av Mikael Noguchi

Kystkvinner

I mai 2019 fortsatte Måløys gatekunstprosjekt, og denne gongen var det kystkvinnenes tur til å hedres. Jobben begynte med å samle inn fotografier frå damer som arbeida på fiskebud og liknande i Måløyområdet før i tida. Deretter lagde kunstnaren Noguchi ein tolkning av desse som han malte på andre sida av lekteren.

I midten av mennene med størja og dei hardarbeidande kvinnene kan man sjå nokon born som løper med fisk som dei har stjålet. Dette er basert på sanne historier då barn ofte stjal tørrfisk som dei så stolt solgte til andre born. Tørrfisk var visst som laurdagsgodt på den tida!

BUGG

Av Kim Larsen (sinnsykshit)

I august 2019 kom Kim Larsen til Måløy for å lage ein serie med tre måleri. Desse blei dei første som ikkje var inspirert av lokal kultur og historie. Her fekk Larsen frie tøylar til å lage noko han sjølv syntes var tøft. Resultatet finn du utanfor kiwi ved torget i Måløy sentrum.

KJØTTMEIS

Av Peter John De Villiers

Kjøttmeis

Bare nokon veker eter at Kim Larsen var ferdig, fekk Peter John De Villiers moglegheiten til å komme til Måløy og avslutte sesongen 2019. De Villiers representeres av ByHands, landets heftigste illustrasjonsbyrå. I og med at han er busatt på Stad var det ein smal sak å få han hit. Motivet han valte er kjøttmeis, ein fugl det er mykje av i området. Dette er det første veggmåleriet i Måløy som er malt med pensel.

PEACE, LOVE AND UNDERSTANDING

Av Anette Moi

Peace, love and understanding

I 2020 kom stjerneillustratøren Anette Moi til Måløy. Måleriet hennas finn du på ungdomsskulen i gate 5, og tanken bak var å treffe fleire målgrupper. Måleriet består av små born, ungdomma og besteforeldre på veggen, og ligg bak nokon trampoliner. Dette er eit populært møtestad for både store og små. Med første augekast er figurane barnslige og enkle, og vil lett kunne falle i smal hos dei minste. Men om man ser nærmare er det viktige tema som representeres. Her finn du alt i frå antirasisme, miljøvern og fri kjærleik, godt innpakka i ein god dose humor.

Tekst og bilete er skrevet av Tone Andal og er henta frå siden Explore Måløy