Hopp til hovedinnhold

Fleire av desse er blant dei høgste fossefalla i Norge, og den høgste er Vettisfossen i Årdal. Vettisfossen er kåra til Norges Flottaste foss av db.no.

Visste du at fossar har tiltrukke seg turistar heilt sidan begynnelsen av 1800 talet? Den beste tiden å sjå fossane på er i mai og juni, då snøen og isen smeltar og vatn nivået er på sitt høgste.

Sikkerheit nær fossane

Vennlegst respekter at fossane representerar voldsomme naturkrefter, som kan vera farleg. Ikkje berre er straumane sterke om du faller uti, men bakken i nærheita er ofte glatt og våt, mens klippene er bratte og høge.

Holde deg til oppmerka stier. Om vinteren er det is rundt fossane, og på våren er vannstanden høg.

Fossar ved Sognefjorden

Vettisfossen, Årdal

Med eit fritt fall på 275 meter er Vettisfossen det høgste verna fossefallet i Norge. Denne fossen, som har vore freda sidan 1924, kan du nå til fots i vakre Utladalen i Øvre Årdal. I boka "Under Storen" kallar forfattar og fotograf Jan Schwarzott denne fossen for "dronninga"; "Vinn dronninga fyrst fram til deg, forlet ho aldri eit hjarta."

Vettisfossen, Årdal|© Gabor Igari

Du er i Vettismorki som går over i Utladalen. Det er i denne veldige naturen du også kan tenke deg at Sognefjorden har gått på land og pløyer seg med veldig kraft like inn i største fjellmassivet i landet, Jotunheimen. Rundt ligg eit halvt hundre fjelltoppar som er over 2000 meter over havet.

For å komme seg til vakre Utladalen så køyrer ein ca. 10 minutt frå Øvre Årdal til Hjelle, parkerer bilen på parkeringsplassen og følg folkevegen fram til Vetti. Derfrå sti fram til Vettisfossen med sine 275 meter fritt fall som er det høgste verna fossefallet i Norge. Dette er ein flott tur om lag 3-4 timar t/r der ein kan oppleva 4 fossefall på turen.

Sesong: Mai - August

Feigefossen i Skjolden, Luster

Når du køyrer riksveg 55 langs nordsida av Lustrafjorden får du Feigefossen rett i fanget frå sørsida.

Utsikt til Feigefossen frå Den Romantiske vegen i Luster|© Visit Sognefjord

Parker bilen nedanfor garden Feigum, på fjorsida av vegen. Stien tek av frå fylkesvegen ca. 300 meter i retning Ornes frå parkeringa. Her kan du vandre på den tilrettelagte stien opp mot fossefallet og nyte fleire utsiktspunkt underveis. Stien er noko steinete på slutten, men er godt merka og lett å gå. Det tek om lag 45 min å gå frå vegen til utsiktspunktet som ligg 150 meter over havet. Brått når du kjem over ein bakkekam står fossen rett imot deg i all sin velde; ei mektig, nesten sjokkarta oppleving. Held du fram til topps får du stadig nye utsyn til du møter Hurrungane, den flotte fjellheim på toppen.

Ha på gode sko og ta med noko å drikke. Stien kan vere litt glatt og det er motbakke opp til fossefallet.

Frå Feigefossen er det kun ein kort køyretur til UNESCO Urnes Stavkyrkje og den trivelege kafeen Gamlefjøsen Cafè.

Kjosfossen, Flåm

Kjosfossen er ein stor turistattraksjon og eit ynda fotomotiv grunna plasseringa han har ved Flåmsbana, og huldrene som dansar her. Det tek ca 40 minutt med Flåmsbana opp til Kjosfossen, der Flåmsbana stoppar i ca 5-10 minutt der du kan ta bilde av fossen. Kjosfossen har eit fritt fall på 93 meter.

Kjosfossen ved Flåmsbana|© Sverre Hjørnevik

Spennande ting å gjøre i området: Ta Flåmsbana til Myrdal og sykle eller gå ned igjen den vakre Flåmsdalen. Du kan leige sykkel i Flåm eller på Myrdal. Opplev Stegastein Utsiktspunkt som ligg 650 moh og har utsikt over Aurlandsfjorden.

Kvinnafossen Leikanger|© VERI Media

Andre vakre fossefall ved Sognefjorden

Kvinnafossen, Leikanger

Kvinnafossen har 120 meter fall, og ligg rett ved riksvegen mellom Leikanger og Hella. Under snøsmeltinga, eller når det har regna mykje, driv vatnet over bilvegen.

Brekkefossen, Flåm

På fottur opp til Brekkefossen vil du få ei fantastisk utsikt over fjorden og inn dalen. Turen startar frå Flåm sentrum, kor ein går eit stykkje på asfaltert veg opp dalen, langs Flåmselva. Etter 1,5 km lett gange, fortset me oppover til Brekkefossen utkikkspunkt. Den steinete og bratte stien gir raskt høgde og snart er den vetle bygda Flåm synleg mellom trea. Etter ca 30 minuttar oppoverbakke, opnar stien seg opp på ein graskledd avsats og tilbyr vakker utsikt over området. Bli med for å få ei unik innsikt i den lokale kulturen, historia og livet ved fjorden!

Åsafossen, Skjolden/Luster

Åsafossen kaster seg ut av fjellskråningen rett imot Vassbakken Kro og Camping, fossen ligg ved Fv 55 Nasjonale Turstvegar. Etter at sherpaer fra Nepal har laget sti er det nå en kort og lett tur opp til fossen.

Kjelfossen, Gudvangen

Kjelfossen ligg i Gudvangen i Aurland kommune. Fossen har ei høgd på 755 m og eit fritt fall på 149 m. Kjelfossen har også fått tilnavnet brudesløret. Det er 8 fossar som samla seg til 1 stor foss. Du ser Kjelfossen best frå Gudvangen Camping, og på veg mot Flåm frå vegen E16.

Viagraelva, Sogndal

Elva mellom Anestølsvatnet og Dalavatnet fremst i Sogndalsdalen vert kalla Viagra Falls eller Viagraelva. Det er ei gamal segn som seier at vatnet i denne elva er særs potensgivande og gir stor fruktbarheit. Om det er på grunn av at området er har mykje geiter på beite eller om det er vatnet frå breane, er uvisst. Gardane i dette området er kjendt for å ha store barnekull.